Kan sjå ut som helsehjelp ikkje treng komme fram til øybuarane

GEVINST: Plasser ein ambulansebil i Askvoll igjen og lat ambulansebåten i Askvoll ta over dei turane frå Solund-båten. Det gir miljøgevinst.
Bil stasjonert i Askvoll vil gi gevinst for alle i kommunen og ikkje minst for øybuarar, skriv artikkelforfattaren..

GEVINST: Plasser ein ambulansebil i Askvoll igjen og lat ambulansebåten i Askvoll ta over dei turane frå Solund-båten. Det gir miljøgevinst. Bil stasjonert i Askvoll vil gi gevinst for alle i kommunen og ikkje minst for øybuarar, skriv artikkelforfattaren.. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Dei lærde menn og kvinner som styrer Helse Førde har sett noko som vi som bur og lever her i Askvoll kommune ikkje har fått med oss. Kanskje veit dei noko heilt spesielt om helsa til innbyggjarane her i kommunen? Kan sjå ut til at dei meiner at helsehjelp ikkje treng å komme fort fram. Og i i alle fall når det gjeld øybuarane våre. Og vi har ca. 880 av sorten i Askvoll kommune.

Og Helse Førde fann på noko genialt. Dei gav oss eit ultimatum: «Enten fjernar vi ambulansebåten eller so fjernar vi ambulansebilen frå Askvoll». Vi valde å behalde båten. For som dei fleste veit, kan ein ikkje køyre bil på sjøen for å komme seg ut til øyane. Bilen vart flytta til Dale.

Då det var stasjonert ambulansebil i Askvoll, var det veldig kort responstid til dei mest brukte/viktige plassane i kommunen: Helsehuset, Aldersheimen og kaia (ambulansebåten). Var òg mykje kortare responstid rundt omkring elles i heile kommunen.
Men ved ei utrykking no går det mellom 15 til 25 min (og endå lenger på dårleg føre). Og for alle vi som bur i Askvoll kommune, gjekk vi, pga. fjerninga, mange tiår tilbake i tid når det gjeld helseberedskap.

Ambulansehelikopter skulle vel vere den store redninga, men viser seg å ha store avgrensingar sidan dei ikkje har avisingssystem på rotorane og veldig ofte lågt skydekke med dårleg sikt.

Ved ei utrykking til øyane no ligg ambulansebåten og ventar i 15-25 minutt før bilen kjem og so skal alt utstyr om bord, (båten er utstyrt med bårestativ, men sjølve båresenga, som var om bord, var det nokon i Helse Førde som kom på at den kunne dei gi som naudhjelp saman med ein gammal ambulansebil!!!!?) Her går det fort nokre minutt til, når båresenga skal frå bilen og om bord via båreliften som er montert bak på båten.

Resultatet av at ambulansebilen er stasjonert i Dale, og at ambulansebåten må vente på ambulansepersonell og utstyr, er at ambulansebåten i Solund er (i godt vær over Lågøyfjorden og Buefjorden) litt raskare til Bulandet/Værlandet enn ambulansebåten i Askvoll. Dette blir det god statistikk av, som Helse Førde kan vise til, for å få vekk båten i Askvoll.

I desse klimadebatt-tider er det òg tankefullt at Helse Førde ikkje sjølve har revurdert å flytte ambulansebilen ut igjen til Askvoll, då ambulansebåten i Solund må køyre 45 km lenger enn ambulansebåten i Askvoll for å hente/bringe pasientar frå Værlandet til Askvoll og 33 km lenger når dei går til Bulandet og inn til ambulansebil i Askvoll og so ut att til Hardbakke kor den er stasjonert. På Bulandet og Værlandet er det stasjonert ein godt utstyrt ambulansebil med frivillig personell, som bør nyttast for å frakte pasientar til Værøyhavna for å få kortast mogeleg båtbruk.

Askvollbåten har òg kortare totaldistanse for å hente/bringe pasientar nord i Solund (ved gul og grøn respons) Hersvikbygda, Buskøy, Færøy, Saltskår, Lågøy, Oddekalv og Gåsvær bla. Ved raud respons bør Solundbåten nyttast her, då den vil vere raskast framme til desse øyane.

Ambulansebåten i Askvoll skulle òg vore nytta i stor grad til pasientar som vert køyrt til Hardbakke med ambulansebil. Denne burde heller levere pasientar til båten frå Askvoll i Hersvik. (26 km kortare båtbruk).

Og som dei fleste veit forureina båtar på denne størrelse mange gangar meir enn ein bil. (over 50 gangar meir CO² utslepp pr. km). På enkelte område i samfunnet går ein helt i detalj for å gjere tiltak for klimaet, mens Helse Førde driv å forureinar heilt unødvendig. Og det heilt imot sine egne vedtekter om at dei skal vere leiande innan miljø.

Ser Helse Førde held fast på vedtaket, som dei gjorde i 2016, om at det berre skal vere ein ambulansebåt og den skal vere stasjonert i Solund.

Når det no er bestemt at brua over Ytre Steinsund skal byggas, vil ein jo få tilgang til Ytresula med ambulansebil og då vert det vel rart å stasjonere ambulansebåten på Hardbakke (Visst dei går for berre ein båt i den kommande kontraktutlysinga). Når brua er på plass kan ambulansebilen i Solund hente inn pasientane og køyre mot Hersvik (som nemnt tidlegare) og so er ambulansebåt (som bør vere stasjonert i Askvoll samen med ambulansebil) kommen fram, for å ta over pasienten og returnerer til Askvoll. Ved ei slik løysing beheld Solund ambulansepersonell i Solund heile tida.

Øyane nord i Solund som ikkje har vegforbindelse, er jo som sagt, kortast for båt stasjonert i Askvoll. Dette gir minst klimaavtrykk òg. No er det bestemt at ambulansetenesta i Solund og Askvoll vert uforandra ut 2020. Dette fordi endelege avgjerder, anbodsutlysing og innkjøp av nytt fartøy tar tid.

Opplegget med to båtar bør heilt klart vidareførast, pluss flytting av ambulansebilen ut att til Askvoll, i alle fall til brua over Ytre Steinsund og Atløysambandet er på plass. Då er alle øybuarane sikra god ambulanseteneste.

Òg til Atløy som har ca. 470 innbyggarar og vart førespegla «ein mindre båt» og/eller døgnbemanna ferje? (med tanke på lovpålagde kviletider for mannskap på fartøy, trur eg slike løysingar vert teknisk vanskeleg og dyrt). Var òg nemnt at Solundbåten skulle komme frå Hardbakke for å frakte pasientane frå Sauesund til Askvoll! (78 km for Solundbåten mot 6 km pr. tur med båt stasjonert i Askvoll).

Ambulansebåtane ligg jo med 24/7 beredskap/bemanning og er ein naturleg «samfunnsbåt» i området den skal dekke. I tillegg til ambulanse og anna helseoppdrag er den eit viktig reiskap i brannberedskap, politirelaterte oppdrag og for hovudredningssentralen til diverse maritime oppdrag som leiteaksjonar, redning og sleping.

So eit spleiselag på kostnaden, for ressursen det er å ha ein slik beredskap i kommunane, bør vel kunne diskuterast seriøst av partane som kan gjere seg nytte av båtane.

I desse tider kor alle må bidra for miljøet, kan Helse Førde no gjere ei lita enkel handling som gir ein god gevinst for miljøet og samfunnet her på kysten.

Plasser ein ambulansebil i Askvoll igjen og lat ambulansebåten i Askvoll ta over dei turane frå Solundbåten. Det gir miljøgevinst.
Bil stasjonert i Askvoll vil gi gevinst for alle i kommunen og ikkje minst for øybuarar. (kanskje Askvoll kommune kunne bidra med ei rimeleg husleige til ambulansebilstasjonering?)

Og etter at Atløy-sambandet er realisert, bør ambulansebåten kanskje verte stasjonert på Vilnes (Atløy) eller Hersvik (Solund)?


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags