Stor ulikskap om ambulansar. Slik vil vi ha det?

SKILNAD: Det er stor skilnad i responstid, er det slik vi vil ha det? undrar Johs B Thue i sitt svar til Reidar Sandal.

SKILNAD: Det er stor skilnad i responstid, er det slik vi vil ha det? undrar Johs B Thue i sitt svar til Reidar Sandal. Foto:

Av
DEL

MeiningarNærmast i frustrasjon skreiv eg for stutt tid sidan eit avisinnlegg om responstider knytte til ambulansedrift i fylket. Ulikskapane i slik responstid mellom sentrale stader og eit verdiskapande omland syner seg å vera så store at eg i innlegget nytta omgrepet skandale-tal om denne røyndommen. Heilt ferske tal dokumenterer desse ulikskapane. Eg prøvde dessutan å grunngje at desse tala var resultatet av ein vilja politikk, som ein har drive med i årevis. Innlegget mitt forma eg som et ope brev til Reidar Sandal, som er med i styret for Helse Førde, og som er den einaste eg kjenner i dette anonyme og framande styret, med altfor stor makt. Reidar Sandal har svart på kritikken min. Det er eg takksam for. Sandal meiner at eg skyt over mål med innlegget mitt. Greitt nok. Vi er usamde. Det er ei ærleg sak.

Fleire av synspunkta mine i førre innlegg henta eg frå ein artikkel som professor og samfunnsforskar Rune Slagstad, med røter i vårt fylke, publiserte for snart to år sidan i «Tidsskrift for Den norske legeforening». Eg ser no at eg i innlegget mitt sjølvsagt burde ha synt til denne artikkelen som professor Slagstad kalla for «Den nye norske adelen». Den same professoren har forresten ytt vesentlege bidrag til større, nasjonal sjølvinnsikt på fleire samfunnsområde i ulike tidsperiodar. I artikkelen sin om «Den nye norske adelen» peikte Slagstad på slike særdrag ved dagens helsevesen: Makta i Helse-Noreg blir utøvd av eit anonymt adelssjikt, ofte av byråkratisk opphav, av menneske med enorm makt, men utan politisk ansikt. Reidar Sandal skriv i sitt svar at han ikkje kjenner seg att i slik karakteristikk.

Enkle, krysskopla søk på nettet syner at styret i Hele Førde, når vi ser bort frå dei tilsette sine representantar, står fram som eit sosialt toppsjikt, så seia på dei øvste stega i samfunnet. Spørsmålet mitt i førre innlegg, og no, er om avbøting av ulikskap i responstid, i ei sak som vedkjem liv og død blant sjuke menneske, kan ventast å få prioritet i eit så sosialt, skeivt samansett organ. I det fyrste innlegget mitt understreka eg at denne sosiale slagsida etter mitt syn kunne vera ei årsak til at vilja, politisk ulikskap har fått rådd grunnen i ambulansesaka si årelange filibusterferd gjennom systemet. Slik eg les Reidar Sandal, ser han ut til å meina at det finst ingen samanheng mellom sosialstatus til ei gruppe og denne gruppa sine politiske preferansar. I svaret hans saknar eg dessutan eit ærleg forsøk på å forklara dei store skilnader i responstid, skapt av Helse Førde, og bør forklarast frå ein styreståstad. Utan slike forklaringar kjem ein truleg heller aldri tørrskodd på land den dagen konklusjonane skal dragast ved juletider eller der ikring.

Reint allment må i alle fall delar av synspunkta mine vera sanne: Livssituasjonen til vanlege menneske er avhengige av brei semje om verdet av likskap som botnprinsipp, gjennom konkret, utøvande politikk, i alle politiske saker, også på ambulanseområdet. Den einskilde si tryggleikskjensle er sameleis eit svært viktig samfunnsansvar å verna om, same kvar du bur. På norsk heiter dette beredskap. Frå 2011 har beredskap vore eit stort, partipolitisk stridsemne i Noreg. Dei framkomne tala som fortel om store skilnader i responstid og ambulansetilgang i kommunane i Sogn og Fjordane, er sjølvsagt vitnemål om alarmerande ulikskap på beredskapsnivå. Det kan stå om liv. Utjamning av ulikskap har vore berande og løftande verdiar i Noreg i over 200 år, og er vår lengste historiske linje fram til no. Dersom likskap som verdi ikkje lenger er gyldig eller blir avvikla som styrande prinsipp for utjamning på ambulanseområdet, må nokon vera ærlege nok å fortelja oss det.

Reidar Sandal nemner, som rett er, at eg er meir enn kritisk til Arbeidarpartiet sitt styringssystem av sjukehus, prehospitale tenester, og så vidare. Det har eg vore i årevis. Eg blei aldri nokon oppglødd Margaret Thatcher-tilhengar. Partiet tillèt å ha skilde meiningar om slike spørsmål. Sjølve den vidare framdrifta i den saka som vi diskuterer her, må vera det beste dømet på at hjelperyttar-funksjonen til Arbeidarpartiet rundt Bent Høie og Høgre treng mykje og kritisk systemdebatt. Framover blir folkevalde organ reduserte til høyringsinstansar i ambulansesaka. Kor lenge eg og mine nærmaste må venta på ambulanse i ein akuttsituasjon, blir bestemt av personar i eit elitesjikt, som få veit namnet på, og som ingen kjenner. Anonymiseringa er fullstendig. Er det slik vi vil ha det? Styremedlemmene i Helse Førde bør lesa artikkelen til Rune Slagstad. Teoretisk samfunnsorientering som kan føra til større rolleforståing på styreplan, vil dessutan kunna gje folk stuttare responstid og såleis også kunna gje dei tryggare kvardagar og lysare netter. Vilkåret for dette er at styremedlemmene tenkjer meir ideologisk tilnærming i denne saka, bygd på nærleik, likskap og nestekjærleik, og mindre på batteri- drivne minikalkulatorar.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags