Alt blir bra igjen

BETALT: Jordbruk som profittkrava har lagt ned, må startast opp igjen. Dei som arbeider med jorda, må få skikkeleg betalt for arbeidet sitt, skriv artikkelforfattaren.

BETALT: Jordbruk som profittkrava har lagt ned, må startast opp igjen. Dei som arbeider med jorda, må få skikkeleg betalt for arbeidet sitt, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Vi ser desse orda på hageportar, på vindauge og på ytterkledning rundt i bygdene. Men blir alt bra igjen?

Ja, vi tillèt oss å setje eit spørjeteikn bak. Vi veit at verknadane av koronaen vil bli langvarige – og ingen veit kor lenge vi må ta forholdsreglar. Offentleg velferd og tenesteytingar vil bli reduserte fordi staten, som framleis er rik, ikkje vil løyve nok pengar til kommunar og fylkeskommunar. Arbeidsplassar vil bli varig nedlagde, fordi fall i kjøpekraft har redusert etterspurnaden etter varene.

Og vil vi at alt skal bli som før? Nei, vi må no trekkje nokre lærdomar og arbeide for nødvendig omstilling av samfunnet.

1) Vi må arbeide for meir sjølvberging av mat. Jordbruk som profittkrava har lagt ned, må startast opp igjen. Dei som arbeider med jorda, må få skikkeleg betalt for arbeidet sitt – både utifrå rettferd, men også fordi dei kanskje har det viktigaste av alle yrke.

2) Vi må bli meir sjølvberga når det gjeld medisinar og smittevernutstyr. Kapasiteten på sjukehusa må aukast, slik at ikkje så mange pasientar blir skadelidande om ei ny pandemi-krise skulle oppstå.

3) Vi må flytte institusjonar og tenester ut av dei store byane, der folk blir tvinga til å bu og ferdast tett, og på den måten aukar smittespreiinga. Avfolkinga av bygdene og sentraliseringa må stoppast!

Ingunn Kandal

Ingunn Kandal Foto:

4) Vi må foredle råstoffa og varene våre sjølve, for å skaffe meiningsfylt arbeid til fleire. Flyfrakt av fisk til Austen for filetering og etterfølgande retur til norske/europeiske matfat er i tillegg eit stort miljøproblem.

5) Vi må vere innstilte på at nokre arbeidsplassar er borte for godt. Derfor bør vi ta ein diskusjon om ikkje arbeidet i attverande bedrifter bør delast på fleire, i form av redusert arbeidstid. 8-timarsdagen blei tariff-festa i 1919, og talet på menneske som står utanfor arbeidslivet aukar. Ei nedtrapping til 6 timars arbeidsdag, vil gje løna arbeid til mange fleire og meir tid til fritidsaktivitetar, familie og vener.

6) Vi må reise mindre til utlandet – både for at vi må dempe smitteimporten og fordi vi må leggje meir av pengane våre igjen i dei gode turmoglegheitene, kulturtilboda og naturopplevingane vi har her i landet.

Vi må kort sagt lære av det vi har vore ute for desse siste månadane. Vi må bruke desse erfaringane til å gjere nødvendige endringar i samfunnet, slik at alt kan bli bra igjen, og slik at vi er betre rusta til å takle samfunnsmessige utfordringar som kan kome.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags