Lat barna få leve

EIGEN KROPP: Bjørg Sølvi Refik i Partiet de Kristne spør om barnet i magen verkeleg er del av mors kropp.

EIGEN KROPP: Bjørg Sølvi Refik i Partiet de Kristne spør om barnet i magen verkeleg er del av mors kropp. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firda 12.11.18 skriv Aasa Grønvold om retten til å bestemme over eigen kropp når det gjeld svangerskapsavbrot. Ho kritiserer Erna Solberg og KrF fordi dei vil verne om ufødde born med Downs syndrom og også hindre at friske tvillingfoster kan fjernast frå mors liv. Ved strengare abortlov kan også fleire born reddast til liv. Det er også gale.

Som individ er vi menneske privilegerte som kan bestemme mykje i våre eigne liv, kva vi vil og ikkje vil. Kvinnefrigjeringa har sett mykje fokus på dette. Ofte er det godt å kjenne på denne fridomen, men å ta konsekvensen av våre val er ikkje alltid det enklaste når våre val viser seg å ikkje vere dei rette.

Påstanden om at barnet er ein del av kvinna sin kropp, stemmer den? Moderne teknologi har gjort oss i stand til å følge barnet frå den spede byrjing til fullborne spedborn. Barnet ligg godt omgitt av fostervatn i mammas livmor. Navlestrengen går til morkaka som er festa til veggen i livmora. Denne gjev barnet næring til morkaka losnar rett etter fødselen og følger med ut. Kva del av dette er ein del av mammas kropp? Nokon som kan svare på det?

Bjørg Sølvi Refvik

2. nestleiar i Partiet De Kristne

Alt ved tre vekers alder, ofte før mor merkar at ho er blitt gravid, byrjar barnets hjarte å pumpe blod rundt i kroppen. Barnets ryggrad og nervesystem blir forma og indre organ byrjar å ta form. I veke 4 er barnet 10.000 gonger større enn ved befruktninga. Livets mirakel! I veke 5 byrjar utviklinga av auge, bein og hender. I veke 6 kan ein påvise hjernebølger, munn og fingernegler. I veke 8 er alle organ på plass og barnet byrjar å høyre. I veke 10 kan det drikke fostervatn og tisse. I veke 12 er alt utvikla så barnet kan kjenne smerte og det kan suge på tommelen. Frå veke 20 kan det høyre mors stemme. Frå veke 23 kan barnet reddast ved for tidleg fødsel.

Etter at Roe versus Wade legaliserte abort i USA i 1973, har 55 millionar foster blitt fjerna frå mors liv fram til 2011. Dette er utan mørketala. 42 % av alle årlege dødsfall i verda skjer på grunn av abort. I ein studie som vart gjennomført i USA, oppgir 1,5 % av desse at dei tok barnet vekk på grunn av valdtekt og incest. 4,5 % grunna medisinske problem. Over 92 % fjerna barnet av psykososiale grunnar.

I Norge vart kvinna sin rett til sjølvbestemt abort godkjent i det norske Storting våren 1978. Statistikken fortel at ca. 15.000 foster har blitt abortert i Norge kvart år etter dette. Det er 600.000 nordmenn på desse 40 åra. 300.000 av desse ville i dag vore mellom 20 og 40 år. Rundt 150.000 av desse ville vore kvinner. Med 1,6 barn pr. kvinne ville vi ha hatt 240.000 fleire nordmenn i dag. Då er vi oppe i 840.000 personar. Når 4 av 10 norske kvinner tek abort i løpet av sin fertile alder og 33 % av desse fleire gonger, kvar er det då blitt av morsinstinktet som gjer alt for å beskytte sitt ufødde barn? Korleis kan kvinner hevde at barnet er ein del av hennar kropp, når barnet ofte til og med har annan blodtype?

Vår oppveksande slekt i Norge i dag må stå i jobb til dei nærmar seg 70 år, fordi der er for få nordmenn i arbeide til å halde oppe pensjonsordninga. Vi manglar rundt 15.000 arbeidstakarar per år for å sikre velferdsordninga i landet. Betyr aborttalet i Norge ingen ting? Politikarane bør lage lover som sikrar sysselsettinga og velferda i Norge, ikkje lover som tek vekk arbeidskrafta.

Eg oppmodar mødrer og politikarar: Lat barna få leve!


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags