Den etiske debatten

ABORT: No har eg valt å vere eit talerøyr for dei tause små som står utan etisk rettsvern. På tide å reagere! skriv Bjørg Sølvi Refvik.

ABORT: No har eg valt å vere eit talerøyr for dei tause små som står utan etisk rettsvern. På tide å reagere! skriv Bjørg Sølvi Refvik. Foto:

Av
DEL

LesarbrevI Firda, laurdag 15.12., skriv Erika Louise Virtanen eit svar til min artikkel om sjølvbestemt abort. Er barnet ein del av kvinna sin kropp, eller har det ein etisk sjølvverdi til liv som samfunnet bør beskytte? Etter mi meining bør haldningane til abort i samfunnet i dag tenkast nøye igjennom etter etiske prinsipp. Den teknologiske utviklinga fortel oss så mykje meir i dag enn den gjorde i 1977.

Sjølvbestemt abort føreset at barnet er ein del av kvinna sin kropp som ho kan gjere kva ho vil med. Det er her vi er ueinige. Livmora og eggstokken er ein del av kvinna sine organ. Egget som losnar og smelter saman med far sin spermie, er 50 prosent mor og 50 prosent far. Det nye livet låner plass i veggen i mammas livmor. Dersom blodet til mor blir blanda med barnets, til dømes under fødsel og mor er Rh + og barnet Rh – så er barnet i den største livsfare. Barnet sparkar og trener i mammas fostervatn og får næring via eit filtreringssystem. Barnet er eit sjølvstendig individ med 50 prosent mor. Når er far blitt ein del av kvinna sin kropp?

I resten av sin artikkel sporar Virtanen fullstendig av i forhold til min artikkel. Det høyrest ut som alle aborterte foster er sjuke. I statistikken frå Folkehelseinstituttet, som nyleg er oppdatert, les vi at 8 av 10 abortar blir utførte før veke 9 og 95,7 prosent av alle abortar er sjølvbestemde. Dvs. at mor fjernar barnet før ho veit noko om barnet er friskt eller sjukt. I 2008 utførte 30,2 prosent av kvinner tidleg i 20- åra abort. No har talet gått ned til 18 prosent. Mykje av dette er truleg grunna gode prevensjonsmiddel som den norske stat er flink til å opplyse kvinnene om.

Sidan reseptfri naudprevensjon, angrepilla, no kan kjøpast i butikk av kvinnene, så har staten og politikarane, gjennom lovverket, lagt forholda så til dei grader til rette for rask abort. Dei psykiske etterverknadane hjå kvinnene er eit ikkje-tema i demonstrasjonstoget mot abort med aggressive kvinner. Det er ei sorg å observere dette. Med slik rask angrerett lurer eg på kva det reelle aborttalet er i Norge i dag?

WHO estimerer at det blir utført 43,8 millionar svangerskapsavbrot i verda per år. Det vil seie at eitt av fem svangerskap endar i abort. Er det slik vi vil ha det? Når skal den etiske debatten på bana?

I 2017 vart 546 svangerskapsavbrot utførte etter behandling i nemnder etter 12. svangerskapsveke i Norge. Det er ca. 4 prosent av dei 12.733 abortane som vart utførte. Ikkje alle av desse var sjuke born. Om 4 prosent av fostera som vart fjerna før 9. veke var sjuke (noko som ikkje var undersøkt), så er i alle fall 92 prosent av abortane friske foster. Det stemmer med undersøkinga eg refererte til frå USA. Å auke abortgrensa til 18 veker for å unngå nemndbehandling er også eit uhaldbart argument fordi dei fleste sakene som kjem opp blir innvilga. I veke 23 kan barnet reddast ved fødsel. Skal vi kunne fritt fjerne eit nesten fullbore barn 5 veker før? Her må vi vakne opp for dei etiske fakta!

Fleire barn med Downs har medfødt hjartefeil, mageproblem og får lett infeksjonar. Mange kan likevel fullføre tilrettelagd skule og i stor grad leve sjølvstendige med tilrettelagt arbeid. Dei har då sjølvsagt livets rett!

Når det gjeld pleiepengar til foreldre etter fødsel så er det ein heilt annan debatt. Som politikar vil eg jobbe for ei rettferdig ordning her. No har eg valt å vere eit talerøyr for dei tause små som står utan etisk rettsvern. På tide å reagere!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags