Å møte folket med øyreklokker

HARME: Det vekkjer rettkomen harme at framkomst for bilar skal kvele alle andre omsyn, at trafikken skal dure over alt. At velfunderte forslag ikkje ein gong møter såpass velvilje at saklege motargument kjem fram i lyset; at dei folkevalde møter folket med øyreklokker på, skriv artikkelforfattaren

HARME: Det vekkjer rettkomen harme at framkomst for bilar skal kvele alle andre omsyn, at trafikken skal dure over alt. At velfunderte forslag ikkje ein gong møter såpass velvilje at saklege motargument kjem fram i lyset; at dei folkevalde møter folket med øyreklokker på, skriv artikkelforfattaren Foto:

Av
DEL

LesarbrevI demokratisk lys er Førdepakken ikkje noko glansbilete. Planen dukka opp som nokre strekar på eit kart. Reklamen gjekk ut på at Førde skulle bli sykkelby. Så este dei lengste strekane ut til større bilvegar. Nye trasear og bruer dukka opp. Då realitetane kom ut i lyset – vakna protestane.

Før folk kunne skjøne kva som var på gang, var planen vedteken lokalt og godkjent av Stortinget. Planlegging og vedtak skal sikre «åpenhet, forutsigbarhet og medverking for alle berørte interesser» heiter dei plan- og bygningslova. Førdepakken var så grundig emballert at innhaldet kom til syne først etter at alle vedtak hadde fått sitt segl. Då var det politiske svaret at Stortinget hadde sagt sitt. Dette stod fast, ikkje til å røyve. Omsider kom det fram at skrifta likevel ikkje var ikkje rissa i steintavler på Sinai berg.

Erik Solheim

Erik Solheim Foto:

Ute av innpakninga stod Førdepakken som ein rein vegpakke for å handtere større biltrafikk. Ikkje nokon stad har syklistane vakse til ein skare når det vart endå enklare å køyre bil. Pakken har ikkje ensa noko anna som ein tettstad treng for at folk skal finne grunn til å opphalde seg i sentrum utan tvingande ærend. Ikkje anna enn vegar. Det vart tydeleg at vegvesenet heile tida heldt si stjerne over bystyret. Ho skein på dei folkevalde og viste retninga for ei ny tid i eit omskapt Førde. Og vegvesenet hadde sitt moderne evangelium – prognosar. Til dei som ikkje ville lite på tala og kurvene, tala nye Ole Hallesby, den salige svovelprofessoren: Utan Førdepakken ber det lukt i fortapinga – ein times kø med bil i sentrum om 20 år.

Det kunne Vesenet sjå i sitt horoskop. Der stod bilane i endelause rekkjer, i ro. Men framtida er uviss for alle. Trafikkprognosar er framskrivingar av ei utvikling som har vore, som regel utan omsyn til at tida som kjem, er ein høgst ukjend skapning. Mang ein sjølvsikker strek har fått sin knekk av hendingar som ingen hadde drøymt om då streken vart til.

Økonomane bommar stadig på korleis økonomien vert om så kort tid som neste år. No klagar politikarane i Førde over at folketalet veks ikkje så raskt som dei har satsa på. Butikkar har vanskar, her òg. Det konservative Finansdepartementet varslar mindre statsinntekter framover. Utviklinga har kanskje spora av den stabile skjena som berre gjekk oppover? Når Vegvesenet snakkar om ein times trafikkork i Førde 20 år fram i tid dersom ikkje Førdepakken vert gjennomført til punkt og prikke, er dette opplagt noko dei ikkje veit. Det er spådommar dei driv med, i klasse med det volvene tok seg godt betalt for i vikingtida.

Dei sterke og langvarige reaksjonane på nokre delar av Førdepakken fortel at saka er viktig for mange som bur her. Nesten alt av forsvar for pakken har kome frå rådhuset, og då med rosande omtale av det som ingen har nemnt noko negativt om. Det er ikkje meir biltrafikk innbyggjarane ønskjer seg i sentrum, men meir plass for folk mellom husa, i det minste nokre stader.

Det vekkjer rettkomen harme at framkomst for bilar skal kvele alle andre omsyn, at trafikken skal dure over alt. At velfunderte forslag ikkje ein gong møter såpass velvilje at saklege motargument kjem fram i lyset; at dei folkevalde møter folket med øyreklokker på. Sjølv i Sunnfjord er mange på nippet til å rykkje sin knytte neve ut av lommen når alternative løysingar aldri får ein einaste sjanse andre stader enn i ormegarden. Når makta ser opp til vegvesenet og ned på folket, løfter det ikkje tilliten til politikken og respekten for dei folkevalde.

Problemet med veksande bilisme som trivselshemmande faktor har dei fleste moderne byar møtt. Kampane for gågater og andre fristader har vore mange. Initiativa kom frå folket, og debatten gjekk mange stader både varmt og lenge. Motstanden tagna når bilfrie gater fekk butikkar, kafear og mangt anna som blømde. Der bilane vart vekke, vil ingen ha dei attende.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags