Å kjenne prisen på alt, men ikkje verdien av noko

INGEN JUBEL: Vi jublar ikkje for at utanlandsk kapital får fritt spelerom til den verste raseringa av våre fjell nokosinne, skriv Ingunn Kjelstad.

INGEN JUBEL: Vi jublar ikkje for at utanlandsk kapital får fritt spelerom til den verste raseringa av våre fjell nokosinne, skriv Ingunn Kjelstad. Foto:

Av
DEL

LesarbrevEirik Espeset prøver med innlegget sitt i Firda 28. februar å svekke truverdet til så vel underteikna som Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn. Det synast å vere ein gjengangar at Espeset må ty til personangrep i mangel på gode argument. Saka om vindkraftutbygging er for viktig til dette, og det er synd at debatten ikkje kan haldast på eit sakleg nivå.

Men Espeset bekreftar i innlegget sitt det vi i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn alltid har hevda – vindkraftutbygging handlar om pengar. Om at nokon tener gode pengar på vår felles natur og våre fjell. Og at desse nokon er utanlandske investorar.

Vidare vil Espeset at vi skal juble for dette. Men det vil Espeset og vindkraftbransjen aldri få oppleve.
Vi jublar ikkje for at utanlandsk kapital får fritt spelerom til den verste raseringa av våre fjell nokosinne.
Vi jublar ikkje for at utanlandske investorar får carte blanche til å ta knekken på hubro, ørn og trekkfuglar.
Vi jublar ikkje for at utanlandske investorar får kontroll på lokale kraftressursar.
Vi jublar ikkje for at naturen og lokalbefolkninga skal sitje med alle ulempene etter ei vindkraftutbygging, og at inntektene forsvinn til skatteparadis på Cayman Island.

Eg søv godt om natta fordi eg er trygg på at verdien av naturen og fjella våre er større enn pengane vindkraftutbyggjarane skal gjere på naturen vår. Eg søv endå betre i visse om at vindkraftbransjen no har kome så langt ned i kortbunken sin at dei berre har brunstempling og personåtak å ty til.

Men også Eirik Espeset kan sove godt om natta. Eg skal ikkje blande meg oppi kva han gjer på sin eigedom på Viksdalen, så lenge han held seg innanfor eigne eigedomsgrenser.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags