Gå til sidens hovedinnhold

Synnøve blir avdelingsdirektør hos Musea i Sogn og Fjordane

Jølstringen går til nyoppretta stilling.

1. desember startar Synnøve Bjørset i stillinga som avdelingsdirektør for kulturhistorie hos Musea i Sogn og Fjordane. Det melder stiftinga i ei pressemelding.

– Eg gler meg til å ta fatt på denne spennande utfordringa, seier Bjørset i pressemeldinga.

Ho har mastergrad i utøvande folkemusikk og kjem frå stillinga som seniorrådgivar i seksjon arkiv hos Vestland fylkeskommune.

I den nyoppretta stillinga får ho ansvar for formidling, arrangement og utstillingar.

– Eg brenn for kulturhistorie og eg brenn for formidling av kulturarven – noko eg har jobba med både gjennom folkemusikken og i arbeidet ved Fylkesarkivet, seier ho.

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane, skildrar tilsettingsvalet slik:

– Synnøve var den beste kandidaten. Vi er svært glade for at ho har takka ja og ser fram til eit godt samarbeid, seier han.

Les også

Olaug Nilssen gjorde braksuksess med Tung Tids Tale. No kjem ny bok

Les også

Mari (20) gjekk rett frå læretid til jobb: – Det er færre som utdannar seg til frisør no enn før

Les også

Michelle (21) har ein av Norges lågast betalte jobbar: – Når det er hektisk står ikkje lønna i stil med arbeidet

Les også

Hege og Anne-Lise har leita i årevis, men slit med å finne frisørar til salongen sin

Kommentarer til denne saken