– Dei under 18 år har etterlyst fleire tilbod for dei i Sunnfjord. Vi ønskjer å syne at Nynorskhuset skal vere opent for alle. Difor har vi laga ein eigen konsert for ungdomen under opningsfestivalen vår i slutten av september. Vi gler oss til å vise at det nye huset er perfekt også for konsertar, seier Frida Aven Høstaker i Teater Vestland.

Nynorskhuset ligg sentralt midt i Førde sentrum. Det husar både NRK, Teater Vestland, avisa Firda og restauranten Røyst mat & vin. Huset har både ein stor teatersal, spenstig foajè og ei meir intim Scene 2.

Tre dagar til ende

Opninga av huset vert feira med ein tre dagar lang opningsfestival i slutten av september. Då blir det både urpremiere på Tore Renberg sitt teaterstykke «Tollak til Ingeborg», open restaurant, familieshow med NRK Super, utekonsert for alle, Linda Eide Språksjov, omvisingar i heile huset, bingo, nasjonal språkkonferanse og etterfestar.

– Her skal det vere noko for alle, både dei minste, ungdomen og dei vaksne. Vi har lyst å vise fram kor mykje fantastisk dette huset har å tilby, seier Høstaker som stolt syner fram den nye foajeen som er det første som møter publikumet.

Den første artisten som får spele konsert i Nynorskhuset er Synne Vo. Ho har stått på nokre av dei aller største festivalscenene i løpet av sommaren.

Populær

22-åringen har fleire nominasjonar til P3 Gull, er lista med låtar som «Lykke te», «ok», «Ei venleg helsing» og «Heime» i både NRK P3 og P1. I Nynorskhuset gjer ho ein konsert for alle under 18, i tillegg til ein konsert for dei over.

Scene 2 har veldig avgrensa plass, så det blir ein eksklusiv og intim konsert for dei som sikrar seg billettar.

– Håpet er at vi skal kunne tilby dei endå meir framover, dersom ungdomen sjølv ønskjer det, seier Frida Aven Høstaker.

LES OGSÅ:

Les også

Merkar du dette på do, må du oppsøke lege med det same