Dette skjer ikkje ofte

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

På opningsdagen i NM i symjing i Bærum imponerte 16-åringen Teis Malterud frå Førde. I UM-klassa symde han inn til ny personleg rekord på 50 meter bryst med tida 30,14 sekund og kapra dermed ein av få medaljar i Førde il Symjing si historie.

- Vi hadde også bronsemedalje i fjor med Even Stubhaug, men det er ikkje ofte vi har slike prestasjonar i klubben, seier pappa og lagleiar Joachim Malterud om opningsdagen i NM.

- Dei fire symjarane frå fylket har prestert bra på opningsdagen. Hans Fredrik Laache sette personleg rekord på 200 meter medley, medan Teis Malterud pressa sin ferske rekord på 50 meter bryst eit godt stykke ned. Han hadde 30,70 føre Norsjøstemnet for 14 dagar sidan. Då kom han ned på 30,28 og under UM i dag (NM for symjarar i alderen 13 til 16 år) kom han ned på 30,14. Draumen var sjølvsagt å komme under 30 blank. Men det får komme seinare, leiar lagsleiaren.

- Junior-NM og UM for 13 til 16 år held fram resten av helga, og allereie i dag, på fredag, er det nye medaljesjansar for dei fire lokale symjarane Teis Malterud, Even Stubhaug, Hans Fredrik Laache og Marius Bjørke.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken