– Vi har ei rekordstor gruppe med rundt 50 utøvarar som deltar i konkurransar. Det trur eg aldri har skjedd før. Det er veldig bra å sjå at så mange er aktive symjarar her i Førde, seier Erland.
Stemnet i Førdehuset varer frå laurdag til søndag, og symjarane skal symje 50 meter og 100 meter, med forskjellige teknikkar.
– Dette er eit stemne der det er flest utøvarar frå alderen 14 år og nedover, så er det med nokre eldre også. Vi skal og ha minisprinten som er for dei yngste, fortel Øystein Erland.
Han fortel at nøkkelen til at det er så populært med symjing er at det er eit godt miljø rundt symjinga.
– Ungane vil bli sett, og her blir dei verkeleg sett. Symjarane har det kjekt på trening og det er sosialt når dei ikkje har hovudet under vatn. Vi har fleire gode trenarar på land som gjev god oppfølging, seier Erland.
160 utøvarar
Under årets Førdesprint er det totalt 160 utøvarar som skal stupe i bassenget i løpet av denne helga.
– Det er mykje folk i sving og det er ein stor og populær konkurranse, seier Erland.
Her kan du søke etter resultata frå Førdesprinten direkte.
Hovudtrenar for Førde, Elisabeth Mundal, synest det er kjekt med den store aktiviteten.
– Det er kjempekjekt at det er så mykje folk som deltek og det er eit stort stemne, seier Mundal.
Som trenar for ei gruppe på 50 er det mykje ansvar.
– Vi har trent mykje fram mot denne helga og eg har store forventningar på at vi skal gjere det bra, fortel Elisabeth Mundal.
Har 17 kretsrekordar
Pernille Berntsen (21) frå Førde har 17 kretsrekordar i symjing, men manglar ein.
– Eg har ikkje 200 meter butterfly, men no satsar eg ikkje like mykje som eg gjorde tidlegare. Denne helga er eg med mest for å ha det kjekt, seier Berntsen.
21-åringen studerer for tida sjukepleie i Oslo og brukar symjinga som avkopling.
– No sym eg mest for å ha noko å gjere på ved sida av studia. Eg har hatt ein pause, men no har eg sumt i nesten eit heilt år igjen, fortel ho.
Sjølv om ho har trent eit år er Pernille Berntsen ikkje så opptatt av å slå sine eigne rekordar.
– Då må eg nok trene litt meir, no sym eg mest for gleda av det.
Ho skal symje 50 m fri og rygg, og 100 m fri, medley og bryst under Førdesprinten 2017.