Gå til sidens hovedinnhold

Syklistar stengde tunnel i Lærdal

Fodnestunnelen i Lærdal måtte stengast søndag, grunna ei gruppe syklistar.

Rett før halv seks søndag kveld melde Statens vegvesen at Fodnestunnelen på riksveg 5 i Lærdal var stengd.

Årsaka var at det var personar på sykkel i tunnelen.

Fodnestunnelen ligg rett ved ferjesambandet Mannheller-Fodnes, som går mellom Sogndal og Lærdal kommunar.

Klokka 18.46 var syklistane ute av tunnelen, og vegen opna att.

Tidlegare denne veka var det eit liknande tilfelle i Høyanger. Den gongen var det ein person på elsykkel som var førte til tunnelstenginga.

Les også

Elsparkesykkel stengde Høyangertunnelen

Kommentarer til denne saken