Gå til sidens hovedinnhold

Syklistar forsvann inn i tunnelen. Då blei den stengd

Måndag kveld fekk Statens vegvesen melding om at det var syklande inne i Kvernbergtunnelen på fylkesveg 609 like utanfor Førde sentrum.

Tunnelen vart stengt i nær ti minutt, til dei syklande hadde komme seg ut av tunnelen.

Syklande som skal frå Førde og vidare ut mot Ulltang må ta av i krysset før dei kjem til tunnelen, og sykle gjennom den gamle tunnelen. Denne sykkelvegen er skilta.

Kommentarer til denne saken