Gå til sidens hovedinnhold

Syklist har sykla utfor ei ur i Stryn

Skadeomfanget er uvisst.

Klokka 21.02 melde Vest politidistrikt at ein syklist har sykla utfor ein veg og igjen utfor ei ur. Dette skal ha skjedd ved Glomnes i Stryn.

Det er også meldt at syklisten delvis har vore i vatnet. Skadeomfanget er uvisst.

Klokka 21.38 melde Vest Politidistrikt at mannen skal ha kome frå ulykka med mindre kuttskadar. Han vart sett til av helsepersonell.

Les også

Mann har falle ned tre meter: – Forbipasserande måtte dra han ut av vatnet