Sykla gjennom Naustdalstunnelen – då køyrde politiet utrykking

Ein patrulje er sendt til Naustdalstunnelen på rv. 5, etter at politiet vart varsla om at to syklistar var på veg gjennom tunnelen.

DEL

I 11.30-tida tysdag køyrde ein politibil med blålys og sirene frå Førde i retning Naustdal.

Operasjonsleiar Dan Erik Johannesen ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel at det er meldt om to syklistar på veg gjennom Naustdalstunnelen.

Medan Firda snakkar med Johannesen får han beskjed om at Vegtrafikksentralen Vest har meldt til operasjonssentralen at syklistane no skal vere ute av tunnelen.

– No når vi har sendt ein bil, så tenker vi uansett å finne dei for å ta ein samtale med dei, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken