Gå til sidens hovedinnhold

I sommar kan du låne gratis syklar i Førde

Artikkelen er over 4 år gammel

FØRDE: Frå og med i dag kan du låne gratis syklar på Servicetorget.

Sommaren er i gang, og nok ein gong kan du få deg ein gratis sykkeltur i sykkelbyen. Også i fjor kunne du låne syklar i Førde, men Kirsten Sunde i kommuneadministrasjonen i Førde forklarar at ordninga har vore nede i vente på eit betre støtteapparat for å ta vare på syklane.

– For at dette skal fungere treng vi eit ordentleg apparat på baksida som blant anna kan reparere syklane. Grunnen til at vi no kan låne ut syklar igjen, er at vi har fått i gang eit samarbeid med Din Sport, forklarar Sunde.

Syklane kan du låne i inntil tre dagar, så lenge sykkelansvarleg er over 16 år og kan vise gyldig legitimasjon.

29 syklar

Per i dag har kommunen 29 syklar til utlån i Førde-området. Gjennom Sykkelbyen og Førdepakken, finn du desse fordelt utover Førde camping, Ressurshagen og no Servicetorget ved Førde rådhus. Berre seks av syklane er å finne ved rådhuset, men her kan det hentast inn fleire dersom pågangen vert stor.

Sunde seier at det var ein del som lånte syklar i fjor. No ser ho fram til å møte dei interesserte syklistane uansett kor mange som kjem:

– Det er kjekt å kunne tilby dette for dei som vil ha sykkel. Sjølv om det er få som kjem og spør, er det kjekt å kunne svare «Ja, det har vi!», seier Sunde med tydeleg engasjement.

Kvalitetssyklar

Sunde påpeikar at det er ordentlege syklar som vart kjøpt inn til ordninga i fjor og som no står til utlån i Førde:

– Dette er kvalitetssyklar, og langt ifrå slike bysyklar du finn i Oslo! slår ho fast.

No står det berre att å sjå om førdianarane lever opp til statusen som sykkelby i sommar og.

 

Kommentarer til denne saken