Svevestøv frå E39 kan vere eit helseproblem

HELSEEFFEKTEN: Eit av dei viktigaste argumenta for omlegging av E39 i 1970 åra var helseeffekten med å ha E39 så nære bustadhusa i Halbrendslia. Den ulempa har ikkje blitt noko mindre med åra, skriv artikkelforfattaren.

HELSEEFFEKTEN: Eit av dei viktigaste argumenta for omlegging av E39 i 1970 åra var helseeffekten med å ha E39 så nære bustadhusa i Halbrendslia. Den ulempa har ikkje blitt noko mindre med åra, skriv artikkelforfattaren. Foto:

Av
DEL

Lesarbrev

Endeleg ser det ut til at alle politiske parti er einige om at E39 må leggast i tunnel utanom Førde. Det har vore einigheit om det før og, men det er lenge sidan. Då ideen om Førdepakken oppstod, har det vore viktigare å få avlastingsveg for E39 gjennom Sentrum nord, enn omlegging av E39 i tunnel. Det har i lang tid ikkje vore noko press på vegstyremaktene for å få lagt om E39 i Halbrendslia, før no i desse dagar. Det kan bli eit forklaringsproblem, men det får dei ansvarlege rydde opp i.

No må gamle og nye argument plukkast fram for å få meir tyngde på vaktskåla for omlegging av E39 i Førde, i konkurranse med alle dei store vegprosjekta som ventar på tur til å bli prioritert i neste NTP. Eit av dei viktigaste argumenta i 1970 åra var helseeffekten med å ha E39 så nære bustadhusa i Halbrendslia. Den ulempa har ikkje blitt noko mindre med åra.

Helge Ottesen.

Helge Ottesen. Foto:

Det kjem stadig opp fleire nye hus langs E39. Biltrafikken veks og jamt og trutt. Spesielt tungtrafikken, med lengre bilar og med større vekt. Vi som bur langs E39, ser at det blir meir vegstøv som legg seg på vegger, vindauge og hagemøblar. Det er støv over alt, både inne og ute. Årsaka til all skitten er biltrafikken på E39. Vegstøv blir kvervla opp i lufta på grunn av slitasje på asfalt, bremseklossar og breie bildekk som ber tung last. Mykje av dette støvet blir kvervla opp i lufta når bilen er i fart. Det som ligg att i vegbana, blir kvervla opp av neste bil som kjem bak, eller ein bil som køyrer i andre retninga. Med mykje biltrafikk er det vegstøv i lufta heile tida. Men det ser vi ikkje. Ikkje det farlege støvet som er kalla svevestøv.

Eg veit lite om svevestøv, og har derfor googla ordet, og funne dette under kjelda: Interfil AS, Folkehelseinstituttet:«Svevestøv er de minste og mest farlige partiklene vi finner i ute- og inne luft. Grunnen til at svevestøvet utgjør de mest helseskadelige partiklene i lufta, er at de ikke faller så fort til bakken og derfor lettere kan nå ned i lungene.

Det er generelt stor semje om at svevestøv, og då spesielt de minste partiklene, kan vere svært helseskadelig. Det forskes mye på temaet, og befolkningsstudier viser stort samsvar mellom svevestøveksponering og akutte og kroniske helseeffekter.

Studier dokumenterer også såkalt «tidlig dødsfall» på grunn av svevestøv. Hvor helseskadelig de ulike partiklene er, varierer etter både form, størrelse og sammensetning. I tillegg vil helseeffekten variere etter hver enkelt person sin generelle helsetilstand, eventuelt eksisterende sykdommer, og pustemåte. Hjerte- og lungesyke er spesielt utsatt.

De aller minste partiklene er såpass små at de har evnen til å trenge ned i lungene, der de kan gjøre svært stor skade. Enkelte av partiklene kan avsettes i de mest perifere delene av lungene, der de også kan komme over i blodbanen og på den måten nå andre organer.»

(NB! Utheving med feite bokstavar er slik det står i kjeldeskrivet.)

Eg trur at svevestøv er regulert av ver og vind. I periodar med mykje nedbør blir svevestøvet slått til bakken og renn vekk i hjulspora og avløp. Men her i Førde kan vi og ha lange periodar med tørt, fint og varmt ver. Det er i slike periodar eg trur vi er mest eksponert for svevestøv – vi som bur langsmed E39. Då er vi mest ute. Jobbar i hagen og kviler oss i sola utan å tenke på kva vi pustar inn. Vi som er blitt gamle, sovnar lett i ein god kvilestol eller ein utesofa – med open munn og fri passasje for svevestøv til lungene våre.

Når vi har slike periodar med langvarig godt ver, er det og austavind. Det uheldige er at E-39 i Førde har retning aust-vest. Svevestøvet vil dermed bli blåst austover langs E39, og fell ned med størst tettleik i Sentrum sør, Halbrendslia og Halbrendsholten der det er mange bustadhus, 2 barnehagar og 2 barneskular.

Ved Bydalsbakken dreier E39 meir nord-syd, med fleire krappe svingar mellom lyskrysset på Halbrend og Reset. Stigninga på denne strekninga er truleg over 6 prosent. I tillegg til 2 lyskryss som gjer at tunge køyretøy kanskje må stogge på raudt lys og starte på 0, er det og 4 krappe svingar med redusert hastigheit 20 km/t. Ved alle desse fartsreduksjonane må store og tunge køyretøy, gje mykje gass for å få farten opp att. Det medfører mykje friksjon mellom dekk og asfalt – og dermed mykje svevestøv – som vil breie seg over alle bustadar vest for E39 opp mot Reset.

Eg har lese ein stad, at vi pustar inn 3 til 4 gonger meir luft når vi er i fysisk aktivitet. Då undrar det meg, at Statens vegvesen og Førdepakken legg gangvegar og sykkelvegar, heilt inntil E39 – også den planlagde avlastingsvegen for E39 gjennom Sentrum nord, med ny bru over Jølstra ved Førdehuset og bru over Løken like ved Helsetunet. Med denne nye avlastingsvegen for E39 vil svevestøv nå fram til fleire idrettsbanar og aktivitetsområde for ungdom og barn – og til mange eldre som spaserer på dei planlagde gangvegane langs denne vegen, eller dei sit ute og nyt finvêret like attmed den sterkt trafikkerte vegen.

Kommuneoverlege Øystein Furnes bør kanskje informere det nye styret for Sunnfjord kommune, om helsekonsekvensane med svevestøv – og avkrefte eller bekrefte det eg skriv om svevestøv. I tilfelle det er så alvorleg som eg trur, og Folkehelseinstituttet vil ha det til, kan det vere eit tungvegande argument for å få E39 i tunnel utanom Førde – snarast mogleg.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags