Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Kommunane Kinn, Sogndal og Sunnfjord slit alvorleg med budsjetta. Det er ikkje noko nytt at kommunar slit med manglande økonomiske tilbakeføringar frå staten. Men for mange er det likevel oppsiktsvekkjande at samanslåtte kommunar, såkalla «robuste», ser ut til å slite vel så mykje som andre kommunar. Vi får stadfesta på fleire hald at slik er det.
I Kinn kommune er ikkje budsjettframlegget klart, men signala så langt, er det forslag om nedlegging av 3 grendeskular; alle 3 i «gamle» Flora kommune. I tillegg blir det foreslått store nedskjeringar innanfor barnehage og skule og også i helse -og omsorgssektoren. På same tid vil administrasjonen gå vidare med store investeringar i ny fotballhall, nytt rådhus og andre prosjekt, noko som vil auke kommunal gjeld frå rekordstore 2,6 mrd. til 3,6 mrd. i komande 4-årsperiode.
Sogn Avis 3. november melder om færre pedagogar og lærartimar. Alle veit kven dette går mest utover; dei elevane som treng det mest. «Nedleggings-spøkjelset» truar også skular i den robuste storkommunen, og foreldrebetalinga i SFO skal aukast med 10 %. Alle veit at dette er verst å takle for økonomisk vanskelegstilte. På denne måten skapar høgreregjeringa auka klasseskilje – no også med velvillig hjelp frå kommuneadministrasjonen, og kanskje seinare med hjelp frå lokalpolitikarar dersom ikkje avsmaken blir for stor og dei tek til motmæle.
Også i den robuste storkommunen Sunnfjord, har administrasjonen retta søkjelyset mot den viktige desentraliserte strukturen i kommunane som slo seg frivillig saman. Det er halde folkemøte på Skei og på Viksdalen. Folket tek, som rett er, opp kampen for skulane sine. Det handlar sjølvsagt om at elevar skal bussast meir for å nå fram til «den robuste skulen», som i neste runde i den økonomiske skrutvinga, heller ikkje er robust nok. Dette handlar i realiteten om noko meir; vil vi at det skal vere like godt og leveleg ute i bygdene som det har vore? Eller skal vi la sentraliseringsspøkelset få fritt spelerom?
Dei fleste kommunane reknar med eit økonomisk underskot i 2020. Dette skuldast nok Koronaen, men også manglande økonomiske tilbakeføringar. Dette underskotet må kommunane dekke i åra som kjem. Det er neppe bankane der kommunane har sine lån, som blir skadelidande. Det er tilbod og ytingar til kommunane sine innbyggjarar, som kjem under press.
Det er m.a. finansieringa av skatteletten til dei rike som gjer at det kan bli slik. Regjeringa reduserer formuesskatten, trass i at ein fersk rapport faktisk tyder på at redusert formuesskatt slett ikkje gjev fleire arbeidsplassar.
Raudt får alltid peikefingeren retta mot seg; kor vil Raudt hente pengane for å auke økonomiske tilbakeføringar til kommunane? Raudt sitt alternative statsbudsjett for 2021 er ikkje klart enno, men forslaga våre i fjor kan gje ein peikepinn. I fjor auka vi til dømes inntektsskatten for dei som tener over 600 000 kr, og vi foreslo ein meir progressiv formuesskatt. Desse og andre tiltak, hadde kome godt med; Sogndal kommune ville fått auka sine frie inntekter med 14,9 millionar kroner og Sunnfjord kommune med heile 28,5 millionar kroner.
Dette ville ha bidrege til meir realistiske kommunebudsjett – realistiske ved at budsjetta tok omsyn til realitetane i folk sin kvardag rundt om i Distrikts-Noreg. Det er dette som tel i folk sin kvardag – ikkje økonomiske overskot – eller «hyggelege tal», som dei blåaste siviløkonomane ropar på.

Arbeidarpartiet sitt forsøk på distriktspolitikk er endå eit steg inn i skoddeheimen
Skal Høgre gå til val på nye tvangstankar?
