Gå til sidens hovedinnhold

Sveinung Rotevatn stiller som leiarkandidat i Venstre

Artikkelen er over 1 år gammel

I eit innlegg på Facebook seier Sveinung Rotevatn at han har bestemt seg for å stille som kandidat til leiarvervet i Venstre.

– Det siste året har vore krevjande for partiet vårt. Det har vore mykje persondiskusjonar, spekulasjonar og lekkasjar. Det har ikkje vore kjekt for nokon, minst av alt for oss som har stått midt i det, seier Rotevatn i ein video han la ut på Facebook-sida si onsdag morgon.

Der grunngir han kvifor han for første gong ope seier at han stiller som leiarkandidat.

– Partiet skal velje ein ny leiar, og då treng vi ein god prosess. Vi treng ein open diskusjon om kvar vi står, kvar vi skal, og kven som skal leie oss dit, seier han.

Rotevatn er i dag klima- og miljøminister.

Noverande Venstre-leiar Trine Skei Grande har varsla at ho går av på landsmøtet, som skal haldast til hausten.

Unge Venstre har tidlegare foreslått Rotevatn som ny partileiar. Men utfordrarane er mange. Både kulturminister Abid Raja, næringsminister Iselin Nybø og kunnskapsminister Guri Melby er peika på som kandidatar til leiarvervet.

Kommentarer til denne saken