Brøytemannskap melder tysdag føremiddag om svært glatt veg på E16 over Filefjell. Det har gått frå å vere mange minusgrader til fleire plussgrader, samstundes som det har komme mykje nedbør.

Vegtrafikksentralen Vest oppmodar difor dei som ferdast på vegen om å køyre forsiktig.

Det vert også meldt om at det vil gå fleire timar før standarden over fjellovergangen er god igjen.

Til slutt klink is

Trafikkoperatør John Andreas Omdahl fortel til Firda at det er glatt på store parti langs det han omtalar som sjølve fjellovergang-delen av Filefjell. Dette fekk først brøytemannskapet merke, som naturleg nok var i arbeid frå tidleg av.

– Dei har vore ute og køyrte heile tida og køyrt fram og tilbake på strekninga. Etterkvart vart det mildare og mildare, før det til slutt var klink is. Då var det ikkje hjelp i lenger, seier Omdahl.

Det vert no jobba med å strø vegen. Utanom dette er det tidens tann og smelting som ein må feste sin lit til.

Bruk kjettingar

Trafikkoperatøren fortel at dei også ser liknande problematikk over Tyin – Årdal.

– Der er det kome melding om at ein oppfordrar til bruk av kjettingar for køyretøy over 3,5 tonn, seier han.

Glatt i Førde

Utanom dette har det ikkje vore mange meldingane om glatte vegar, om ein flyttar seg ned i låglandet. Dei som kom, kom på morgonkvisten frå Førde.

– Vi fekk ein del meldingar frå Angedalen i Førde, på Angedalsvegen og over Grimelandshaugen, seier Trafikkoperatøren.

Har du tips eller bilde frå staden? Send gjerne til [email protected]