Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Å gjennomføre alle tiltaka i Førdepakken kostar mykje meir enn tidlegare rekna med. Fleirtalet i Sunnfjord kommunestyre rår til at Ferde får fullmakt til å søkje om løyve til ein kraftig auke i bompengetakstane.
Senterpartiet og Rune Hegrenes gjev i eit innlegg inntrykk av at med takstauken så går det å gjennomføre alle dei attståande tiltaka. Slik er det ikkje.

Førdepakken – med målet i sikte
Sjølv med ein takstauke på 6–7 kr i gjennomsnitt vil det vere behov for endå meir midlar (finansieringsbehov). Truleg heile 786 millionar kroner. Å bygge dei to dyraste prosjekta som står att, bilbrua over Jølstra og Angedalsvegen frå Førdehuset (tiltak 15) til Prestfoss bru kostar om lag det ein med tilrådd takstauke kan disponere, 1000 millionar.
Resten av tiltaka vil det ikkje vere midlar til. Med å utvide innkrevjingsperioden med fem år, frå 2028 til 2033 vil det framleis mangle 186 millionar kroner. Eg tykkjer det er fleire grunnar til å diskutere kva tiltak som skal prioriterast, og rekkefølgja på dei. Om ein ikkje då vil utvide innkrevjingsperioden og ha endå fleire omgangar med ekstra takstauke.
SV vil at kommunen skal vere med å styre og ha ei hand på rattet med å prioritere det som er viktigast å gjere først og sist. Og kutte. SV meiner tiltak 15 (Angedalsvegen frå Førdehust i retning sjukehuset) er svært viktig å få gjennomført! Og vi vil bygge gang- og sykkelbru i staden for bilbru over Jølstra.
Eg merkar meg at Hegrenes og Senterpartiet ikkje har særleg omsut for dei som skal betale dei høge satsane og heller ikkje har særleg respekt for det som var lova og skrive i stortingsproposisjonen om Førdepakken «Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil dette innebere at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte»
Hegrenes viser til måla for Førdepakken:
- sikre ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde
- leggje til rette for fortetting og byutvikling
Korleis ein med meir biltrafikk inn i sentrum sikrar ein miljøvenleg og stabil trafikksituasjon i Førde, skjønar eg ikkje. Eg meiner det er tvert om.
Eg skjønar heller ikkje at bilbrua er avgjerande for å fortette og få til byutvikling.
Å bygge gang- og sykkelbru over Jølstra vil stoppe utvikling og utbygging på sørsida og i sentrum elles, hevdar Hegrenes. Det tykkjer eg er ein merkeleg påstand. Eg registrerer at det vert bygd både på sørsida og nordsida i sentrum. Og det vert fortetta. Utan at bilbrua er på plass. Hegrenes viser til rekkefølgjekrava. Dei er visst «hogge i stein» elle skrive med «gullskrift». Og såleis umogleg å gjere noko med. Slik er det sjølvsagt ikkje.
Eg må slå fast at Rune Hegrenes og Senterpartiet held fast i tankegangen frå 20–30 år sidan då planane om bilbru over Jølstra ved Førdehuset vart vedteke. Eg tykkjer ein må sjå på situasjonen no, kva som har skjedd, og kva som vil skje framover. Særleg det at E39 kjem til å gå utanom Førde sentrum i framtida. Om ikkje regjeringa der Sp er med, finn på å ville utsette den. Dei vidaregåande skulane er til hausten samla på Øyrane. Og det vil verte meir vanleg med heimekontor i framtida. Og så meiner i alle høve SV at vi må ha tiltak for å få fleire til å reise kollektivt. SV ønskjer ei prøveprosjekt med gratis kollektivtransport.
Og så er det viktig å få parkeringsløysingar slik at ikkje alle som skal og vil til Førde må heilt inn i sentrum for å parkere bilen. Det er vel semje om at den mellombelse løysinga på festplassen ikkje skal vere varig?! Hegrenes må også ha gløymt at eit av måla med Førdepakken også er at «talet på gåande og syklande må aukast.»

Førdepakken tvingar fram endringar for 17. mai-toget

Førdepakken – kor blei det av spleiselaget?
