Gå til sidens hovedinnhold

Suspendert polititilsett sikta for truslar er lauslaten

Den tilsette i Vest politidistrikt, som tysdag vart arrestert og sikta for truslar, er lauslaten. Sørvest politidistrikt har overteke etterforskinga.

Politiadvokat Torbjørg Ristesund i Sørvest politidistrikt opplyser i ei pressemelding at etterforskinga er i ein innleiande fase, og at dei derfor ikkje kan uttale seg om detaljar.

– Det vi kan seie er at sikta er ein mann i 40-åra. Han vart lauslaten i går. Vi vil no setje oss inn i saka og vurdere kva etterforskingssteg som skal gjennomførast, opplyser Ristesund.

Mannen er sikta for truslar etter straffelova §263 og er suspendert frå stillinga i Vest politidistrikt.