Superveka 2016 er i gang – og open for alle

Kantinescene: I høve festivalen vert kantina bygd om til konsertlokale. Dette bildet er frå SuperVeka 2015.

Kantinescene: I høve festivalen vert kantina bygd om til konsertlokale. Dette bildet er frå SuperVeka 2015. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Den årlege festivalen ved høgskulen i Førde trekker stadig store norske artistar, trass i eit lite miljø.

DEL

Superveka starta onsdag kveld, med revyen «Førde frå A til Å». Festivalen, som strekk seg over fire dagar, har vorte ein årleg tradisjon ved høgskulen i Førde. Tidlegare har dei lokka med artistar som Trang Fødsel, Donkeyboy, Datarock og Gabrielle, samt komikar Henrik Thodesen. I år er Postgirobygget, Jaa9 & OnklP, urørtvinnar Cezinando, og Helena Melena på plakaten.

– Eg trur festivalen har mykje å seie for studentmiljøet. Det er ikkje så mykje som skjer i Førde. Det er synd å seie, men det er dessverre sånn, seier festivalsjef Øystein Brekke Skjelvan.

– Vi håpar å nå ut til lokalbefolkninga òg. Festivalen er ikkje berre for studentar; vi vil inkludere alle, og har lyst å skape eit tettare band mellom studentane og dei lokale. Arrangement som dette gjer det kanskje meir verdt for unge å bli buande i området, seier han.

Les også: – Studielånet strekk ikkje til

Unngår eksamenstida

Skjelvan går tredje året på ingeniørlinja på høgskulen, og var økonomisjef for festivalen i fjor. Han tar dermed med seg nokre erfaringar frå i fjor vidare til årets festival.

– I år sjekka vi eksamensplanen før vi sette datoen, seier han og ler.

Festivalsjef Øystein Brekke Skjelvan håpar Superveka vil bidra til å knytte tettare band mellom lokalbefolkninga og studentane.

Festivalsjef Øystein Brekke Skjelvan håpar Superveka vil bidra til å knytte tettare band mellom lokalbefolkninga og studentane. Foto:

Dei har òg selt fleire billettar på førehand enn dei gjorde i fjor.

– Det er ei utfordring at vi er så få studentar her. Men eg veit at det er mange som gler seg til festivalen, og som snakkar om den og viser interesse på Facebook. Det er nok slik at folk ventar til siste liten med å kjøpe billettar. Men øl- og matsmakinga har vore ein kjempehit. Den vart utseld tre veker på førehand, fortel han.

Drøymer om Aurora og Kygo

Trass i lite miljø og mangel på ordentleg konsertlokale klarar arrangørane altså å få fat i store norske artistar.

– Konsertane vert haldne i kantina på skulen. Det er ikkje ein skikkeleg konsertarena, men litt av sjarmen med festivalen er at alt føregår på huset. I framtida er det mogleg at vi må flytte ut, viss vi skal satse større og få inn større artistar. Med eit større konsertlokale kunne vi kanskje ha tatt imot dei største, som Aurora og Kygo. Eg ser for meg at det kunne ha vore mogleg i framtida.

Artikkeltags