Mannen frå Sunnfjord var tiltalt for bort på straffeloven paragraf 231, første ledd. I november møtte han i Sogn og Fjordane tingrett.

I dommen kjem det fram at den tiltalte har ved fem høve blitt tatt med fleire gram cannabis. På det meste hadde han på seg 450 gram hasj. Til saman er han tiltalt for å ha hatt over 700 gram, både hasj og marihuana.

Den tiltalte skal også ha selt narkotikaen vidare. Under ransakinga vart det, i tillegg til narkotikaen, gjort funn av kontantar, lynlåsposar og ein digitalvekt i ei skulderveske tiltalte hadde på seg.

I retten tilstod mannen forholda.

Har blitt rusfri

Påtalemyndigheita meinte at straffa burde settast til samfunnsstraff i 90 timar, med ei gjennomføringstid på seks månadar – eventuelt fengselsstraff på 90 dagar.

Den tiltalte har forklart at han har brukt hasj som sjølvmedisinering mot psykiske plagar sidan ungdomsskulealder. Etter at han vart stoppa av politiet siste gong i sommar, har han slutta med hasj og kutta kontakta med rusmiljøet.

Kvar veke avlegg han rusprøvar for å vise at han held seg rusfri, og går til samtalar med psykolog og ruskonsulent. Han skal også i gang med behandling i Helse Førde etter nyttår og har begynt å jobbe igjen.

Dømd til samfunsstraff

Friomsorga skildrar den tiltalte som motivert for å fortsette den positive utviklinga. Etter rettens syn vil han ved soning av fengselsstraff vere sårbar for tilbakefall.

Retten er samla om at samfunnsstraff er ein hensiktmessig reaksjon i denne saka. Han blir dømd etter påtalemyndigheita si anbefaling, til 90 timar samfunnsstraff. I tillegg vert 28 gram hasj og 13.150 kroner inndratt.