Nyt sola, for snart kjem regnet: – Godvêret kan kome tilbake, trøystar meteorologen

FLOTT DAG I GAULAR: Her ser du Haukedalsvatnet nede til venstre, Vindheim og vegen opp mot Vikumstølen til høgre.

FLOTT DAG I GAULAR: Her ser du Haukedalsvatnet nede til venstre, Vindheim og vegen opp mot Vikumstølen til høgre. Foto:

På tysdag steiker sola over Sunnfjord, men om nokre dagar kjem nedbøren.

DEL

– Det er meldt ganske bra vêr eigentleg, med gode temperaturar. Det vil vare i alle fall til i morgon, med kanskje rundt 20 grader, seier Magni Svanevik tysdag føremiddag. Ho er meteorolog hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Så kjem regnet

Men på torsdag blir det endring i vêret.

– Då kjem det inn eit lågtrykk. Vêret ser greitt ut først på dagen, men på ettermiddagen vil det kome meir skyer og etter kvart regn, seier Svanevik.

Dessverre vil regnvêret halde fram.

– Fredag kveld og første delen av laurdagen kan det bli opphaldsvêr og kanskje sol. Laurdag ettermiddag kjem det inn eit nytt lågtrykk med regn. Då vil det også regne på søndag.

Kan bli sommarvêr

Meteorologen fortel at trass i regnvêrsdagar, vil det ikkje bli store endringar i temperaturen, som vil ligge på opp mot 20 grader. På søndag kan det bli litt kjøligare.

– Er det slutt på sommarvêret?

– Godvêret kan kome tilbake det altså. Det er veldig usikkert korleis vêret blir ut i neste veke. Det kan bli alt frå ein god del regn til ganske fint vêr. Mest truleg noko midt i mellom – eit variert sommarvêr, seier svanevik og legg til:

– Sommaren er ikkje ferdig enno.

Artikkeltags