Mann i 20-åra sikta for to valdtekter i Sunnfjord

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Ein mann skal ha valdteke ei kvinne to gonger, i tillegg til å ha utført ei uønskt seksuell handling mot ei anna.

DEL

Politiet i Sunnfjord fekk i slutten av oktober 2017 melding om to valdtekter. Det melder Vest politidistrikt i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

Valdtektene skal ha skjedd i Sunnfjord i 2016 og i 2017.

Den sikta er ein mann i 20-åra, og den fornærma er ei kvinne som var under 16 år då valdtektene skal ha skjedd.

Ifølge Bergens Tidende er mannen ein artist, som er norsk statsborgar, med adresse i utlandet.

Kjende jentene

I tillegg er mannen sikta for eit tilfelle av seksuell handling mot ei anna kvinne under 16 år.

Politiet melder at dei fredag 8. juni greip mannen, som no er sikta i saka. Han er europeisk statsborgar, på besøk i Norge, opplyser politiet.

– Det er to jenter som er fornærma i saka, men berre éi av dei er fornærma når det gjeld valdtekt og seksuell omgang, seier politiadvokat Sissel Kleiven til Bergens Tidende.

Ifølge Kleivem kjende mannen dei to jentene frå før.

Fengsla

Han er no varetektsfengsla i fire veker, med brev og besøksforbod.

– Politiet vil på noverande tidspunkt ikkje kommentera saka ytterlegare av omsyn til etterforskinga, skriv dei i pressemeldinga.

Mannen nektar straffskuld.

Artikkeltags