– Om du møter på ein slik – ikkje ta på den

Møter du ein slik nyfødd hjortekalv, så ikkje ta på den. Då kan mora forlate den etterpå.

Møter du ein slik nyfødd hjortekalv, så ikkje ta på den. Då kan mora forlate den etterpå. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Jaktentusiasten Kristian Myrmel var på skogstur søndag, og der møtte han den vesle krabaten det er bilde av her.

– Eg såg ei unaturleg forandring i terrenget, og gjekk litt nærmare. På ti meters hald såg eg kva som låg i graset framfor meg, seier Myrmel.

Framfor han låg ein nyfødd hjortekalv tilsynelatande heilt åleine. Men Myrmel gjekk ikkje inn til kalven.

– Ikkje ta på dei

– Eg var kjapp og fekk teke eit bilete av kalven, så gjekk eg forsiktig tilbake 15 meter, då reiste han seg og sprang, seier Myrmel.

Myrmel, som er ein erfaren jeger og jaktbloggar, er klar på at det er ein ting ein ikkje må gjere om ein kjem over hjortekalvar som ligg slik.

– Du må ikkje ta på hjorten. Ein bør forlate området forsiktig, og la kalven få fred. Om ein byrjar å klappe på dyret, risikerer ein at mora ikkje vil ha noko meir med dyret å gjere, seier han.

Bandtvang

Hjorten kalvar stort sett frå midten av mai og utover sommaren. Men sjølv om kalvane verkar til å ligge åleine, er det ikkje slik at mora til dyret har forlete det.

– Det er ein måte dei forsvarar seg på. Kalven får beskjed om å ligge i ro, medan mora spring, seier Myrmel, og legg til:

– Men det er slikt som dette som er grunnen til at ein har bandtvang på hundane, seier han og viser til noko Hjorteviltportalen skreiv tidlegare i år.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken