Kvinna frå Sunnfjord er dømd til 120 dagar samfunnsteneste og til å betale 50 000 kr erstatning til kvar av dei to barna.

Ifølge dommen skal kvinna ved gjentekne høve frå 2008 til 2012 ha slått sine to barn. Barna var under fem år då valden starta. Det blir i saka lagt vekt på at valden mot det eine barnet ofte skjedde medan det andre barnet såg på.

Kvinna kontakta sjølv barnevernet i 2014 og bad om hjelp. Barna har ikkje fått fysiske skader av valden, men retten legg vekt på at valden har ført til ein oppvekst prega av utryggleik.

Retten tok utgangspunkt i ei fengselsstraff på seks månader, men tilståinga frå kvinna gjer at straffa vart mildare.