Stor innbyggarundersøking går føre seg i ti kommunar

 6. november blir det kalla inn til nytt felles formannskapsmøte der resultatet av innbyggarundersøkinga skal diskuterast. Her frå eit tidlegare møte.

6. november blir det kalla inn til nytt felles formannskapsmøte der resultatet av innbyggarundersøkinga skal diskuterast. Her frå eit tidlegare møte. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

3850 innbyggarar kan i desse dagar gje synet sitt til kjenne på framtidige kommunegrenser.

DEL

Opinion gjennomfører telefonintervju i Sunnfjord, Gloppen og Hafs, med andre ord dei ti kommunane som i vinter og vår jobba seg fram til fire ulike modellar for kommunereform.

– Vi ønsker ei temperaturmåling i desse kommunane, seier prosjektleiar Øystein Høyvik.

Opinion skal spørje eit utval personar som varierer frå 100 i Solund til 800 i Førde og Flora. Undersøkinga starta sist torsdag og vil gå føre seg denne og nokre dagar ut neste veke.

Delt inn i postnummer

Intervjuobjekta blir spurde om synspunkt på kommunereforma generelt, og kva kommunar dei vil velje å bli slegne saman med, dersom ei samanslåing blir bestemt. Nokre av kommunane har parallelle løp. Flora ser også på eit kystalternativ, Solund ser sørover, Gloppen nordover og Høyanger innover Sognefjorden.

Intervjua blir gjennomførte etter postnummer. Det er gjort for å sjå om det er ulike svar i ulike deler av kommunane, opplyser prosjektleiaren.

Det kan gje signal på om det er aktuelt å dele opp kommunar, som til dømes Jølster der det har blitt ein diskusjon om dette.

Både Venstre og Høgre i Jølster er sterkt imot at Jølster skal bli ståande åleine utanfor ein Sunnfjord-kommune.

– Eg tykker det er utenkeleg at innbyggarane i Jølster skal stå utanfor den felles bu- og arbeidsmarknaden i Førde, sa Høgre-leiar Anders Kristian Sægrov i måndagens Firda.

Leiar i Jølster Venstre, Judith Kapstad, har tidlegare opna for ei deling av Jølster dersom det viser seg å vere ulikt syn på kommunesamanslåing.

Med inndeling av intervjuobjekta på postnummer Skei og Vassenden kan dei to reformtilhengarane få vite om dei har heile eller deler av kommunen i ryggen. Liknande tendensar kan komme fram i Naustdal og Askvoll som også har grender som ser mot andre kommunar.

Rådgjevande

Når innbyggarundersøkinga er gjennomført, skal det utarbeidast ein rapport som skal leggast fram på eit felles formannskapsmøte 6. november.

– Her vil det bli diskutert om ein har fått dei svara ein treng, eller om det også må gjennomførast rådgjevande folkerøysting. Veka etter blir det gjennomført folkemøte i alle kommunane, og deretter skal kommunestyra ta stilling til folkerøysting. Den blir i så fall i februar.

Mange politikarar har sagt at når innbyggarane først blir spurde, så må ein rette seg etter resultatet, men ei folkerøysting blir berre rådgjevande.

– Til sjuande og sist blir det kommunestyra som må ta eit sjølvstendig ansvar for å gjere det rette vedtaket, seier Høyvik.

– Er det rett å overlate ansvaret til innbyggarane, når politikarane sjølv har brukt månader på å sette seg inn i reforma?

– Dette er eitt av dilemmaa som må diskuterast. Folkeavrøysting har moglegheiter, men også fallgruver, seier Høyvik.

Artikkeltags