Sjå kven som sneik seg opp i lakseelva

Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Elveeigar: – Han har ikkje noko her å gjere.

DEL

Laurdag ettermiddag kunne dei med godt syn sjå ein liten krabat på bortebane. Selen som besøkte Jølstra burde nemleg slett ikkje vere her.

– Eg såg han fordi naboen under meg som sat ute på verandaen gjorde meg merksam på det, fortel Bjarte Kapstad og peikar ut i elva ved Storegården i Førde, der selen først var observert.

Selen var om lag 70–80 meter unna han og var oppe og viste hovudet fleire gonger.

– Eg har budd her sidan 2005 og aldri sett sel i elva her før. Men eg veit jo at laksefiskarane i fjor såg sel endå lengre oppe i elva.

Håpar han dreg ut att i fjorden

– Selen har ikkje noko her i elva å gjere, så vi får berre håpe han dreg ut att i fjorden, seier Karl Vie i Førde Elveeigarlag.

Han fortel at det er ein kritisk periode for laksen framover og at selen kan gjere stor skade i lakseelva.

– Han er på jakt etter mat og har allereie vore oppe i elva fleire gonger i år.

I fjor fekk Nausta besøk av ein sel som forsynte seg grådig i laksetrappene.

Les også: – Sjarmerer badegjestar og herjar med laksen

Ubalanse i systemet

Kapstad er sjølv oppvaksen ved fjorden og han synest ikkje det er naturleg at ein sel tek turen opp i lakseelva.

– Det er noko som er litt gale når ein observerer sel i eit lakseførande vassdrag. Han er veldig langt unna sitt eigentlege maritime miljø.

Vie fortel at dei ikkje kan akseptere at selen blir verande i elva og at elveeigarlaget allereie har diskutert kva dei kan gjere om selen ikkje forsvinn.

– Vi blir nøydde til å snakke med forvaltningsmyndigheitene om han stadig kjem tilbake. Det beste for alle partar er om han held seg i fjorden, særleg for selen sjølv, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken