Dei som følger godt med i Firda sin næringslivslogg la kanskje merke til at selskapa Sunnfjord Skog og Nye Sunnfjord Skog har slått seg saman. Etter fusjonen er selskapet Sunnfjord Skog sletta.
– Det er berre ein teknisk greie. For at vi skulle ha eigarskapet av selskapet over til holding-selskap, så måtte vi gjere det slik, seier Martin Braanaas.
Har blitt konsern
Braanaas starta selskapet i lag med Tarje Kusslid i 2012. Sidan har dei hatt ei sterk vekst, og i 2021 hadde selskapet eit overskot på 1,3 millionar kroner.
I tillegg til Sunnfjord Skog driv dei også selskapet Fjordtømmer, som driv med oppkjøp av tømmer, som dei sel til trefordelingsindustrien.
No er selskapet gjort om til eit konsern, og Braanaas er blitt konserndirektør.
– Vi sat og eigde selskapa som private aksjonerer, og det er ikkje noko ønskeleg. Vi har tru på det vi driv med og det er betre at verdiane ligg i holdingselskap, seier han.
Skattemessige fordelar
Eit holdingselskap er eit aksjeselskap som ikkje har andre oppgåver enn å eige aksjar i andre selskap. I staden for å eige selskapet privat så eig ein altså selskapet som eig selskapet. Holdingselskap eignar seg best for dei selskapa som tenar meir pengar enn det eigarane treng å ta ut i form av lønn eller utbytte.
– Vi har opparbeida oss ein del verdiar både i Sunnfjord Skog og Fjordtømmer. Vi har vore i sterk vekst og det er selskap som potensielt kan vere ganske verdifulle. Då er det ein fordel skattemessig at ein sit med eigarskapet gjennom holdingselskap, seier Braanaas.
Fusjonen fører ikkje til særleg med endringar for selskapet.
– Den største praktiske endringa er endring i organisasjonsnummer og kontonummer. Det gir litt ekstra arbeid inn mot leverandørar og kundar i starten. No har eg sendt inn namneendring på selskapet, så namnet Sunnfjord Skog vil vere tilbake ganske snart, seier han.
Selskapet har nyleg tilsett fire lokale folk som skal begynne til sommaren.
– Det er lang leveringstid på maskiner, så dei begynner ikkje før til sommaren. Det blir veldig kjekt, seier Branaas.

Dei gode tidene held fram for Sunnfjord skog. No skal dei tilsette tre

Sunnfjord Skog nyt gode tømmerprisar: – Etterspurnaden frå utlandet er ekstremt høg

Plankeprisen aukar og tømmeret er hogstklart. Men sjåførane risikerer bøter om dei vil hente det
