Gå til sidens hovedinnhold

Sunnfjord og alkoholpolitikk

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ein betydeleg del av sjukdom, vald og skadar har alkohol som betydeleg medverkande årsak. Ingen er uenig i det.

Det undrar meg difor at eit fleirtal av politikarane våre ikkje tek dette inn over seg og gjer vedtak som kan snu dette.

Nasjonalt vert prisane senka, og lokalt har vi fått øl i butikk i staden for ølpol, og salstidene for øl i butikk vert utvida. Skjerminga av alkohol i butikkane ser ut til å vere betydeleg redusert, og det vert no gitt skjenkeløyve til ein kafé ved inngangsdøra på eit av butikksentra i Førde.

Netthandelen til Vinmonopolet aukar, og snart får vi sannsynleg netthandel av øl frå butikkane våre òg.

Media hausar opp og har spennande oppslag om kor bra salet på Vinmonopolet går, og kor flinke dei er med køavvikling!

Og dei har oppslag om kåring av beste sommarølet, juleølet og dei beste vinane til julematen, påskelammet, sommerkoteletta og kven veit.

Vi torer ikkje å skille oss ut og prøve å gjere dette betre enn andre i Sunnfjord heller.

Nokre politiske parti har ei setning om at dei skal føre ein ansvarleg, og kanskje til og med RESTRIKTIV ALKOHOLPOLITIKK i programma sine. Kva har dei meint med det? Er det nokon som kan vise til synlege resultat av restriktiv alkoholpolitikk dei siste åra?

Eg synest at absolutt alle vedtak berre går mot lettare tilgjenge! Viss alkoholsal er det som kan vere med å redde ei bedrift, så brukar ein det verktøyet, ser det ut til. Til og med på idrettsarenaen.

Kva med ein pub på hjørnet av ei tribune ved den nye 11’ar bana ved Førdehuset? Der ein kan sitje og sjå ned på LAKSEN, for den er jo synleg kun frå lufta...

Næringsinteresser vinn heile tida. Ja, viktig å skape jobbar og bedrifter, men likevel kortsiktig tenkt, synest eg.

Les også

På onsdag utvidar ølsalet i Førde

Les også

Denne kommunen forbyr matbutikkar å køyre øl og cider heim til folk

Ruspolitikk: Bærekraftsmålene forplikter

– Kvifor skal vi vere sist på alt berre fordi vi bur i Sogn og Fjordane?

På onsdag utvidar ølsalet i Førde

Kommentarer til denne saken