Sunnfjord kommune har i samarbeid med Førdepakken og Førde Sør kome fram til at vi vil endre ordninga for parkering i Førde sør frå 1 time til 2 timar gratis.
Det skriv einingsleiar Trond Ueland for nærings- og samfunnsutviklingsavdelinga i Sunnfjord kommune.
– Grunnen er at vi etter to veker registrerer mindre bruk av parkeringsplassen enn først forventa. Målet med parkeringsordninga er å sikre at dei som har korte ærend til dei tenester som finst her, lett skal finne ein parkeringsplassplass. Endringa vil bli gjort så raskt vi kan, truleg innan onsdag 5. oktober, skriv Ueland.

Les også
Kundane ber om kortare kiropraktortimar. Årsaka? Betalingsparkering

Les også
«Heller ikkje i Førde er det ein menneskerett å parkere der ein vil»

Les også