Gå til sidens hovedinnhold

Sunnfjord kommune i rute – vi gler oss til 2021!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Nå er Sunnfjord kommune vel etablert! Etableringsåret har vore innhaldsrikt, hektisk og kjekt, men òg svært arbeidsamt. For sjølv om kommunen har vore planlagt i fleire år, har det i år blitt lagt ned eit omfattande arbeid for å få den på plass. Men nå er vi der vi skal vere. Nå kan vi møte 2021 med ein kommune som er rigga for framtida på ein heilt annan og betre måte enn dei fire kommunane var kvar for seg. Tida framover vil vise at samanslåinga av Naustdal, Førde, Jølster og Gaular til Sunnfjord kommune var eit riktig strategisk grep.

Naturleg nok har vi gjennom året hatt fleire utfordringar og vanskar. Tydlegast har dette gjeldt kommuneøkonomien vår, som av fleire grunnar har vore vanskeleg. Sunnfjord kommune har likevel fått på plass eit forsvarleg, men offensivt budsjett for 2021. Eit budsjett som er gjort opp med eit overskot på 25 millionar kroner, og kor det neste år skal investerast for 144 millionar kroner. Det ligg elles òg til rette for at Sunnfjord kommune vil få ein god og solid kommuneøkonomi i åra framover. For samtidig som grunnlaget nå er lagt for ei god og rasjonell drift med sterk vekt på gode tenester, vil kommunen i mange år framover dra nytte av gunstige økonomiske ordningar som følgje av kommunereforma.

Ein ny kommune krev nye, heilskaplege planar for drift og investeringar, arealplanlegging og samfunnsutvikling. I desse planane må vi ta omsyn til ting vi veit vil kome, som t.d. at vi blir stadig fleire eldre i kommunen vår, samtidig som vi kan få fram kva ambisjonar og visjonar vi vil ha for lokalsamfunnet vårt. Det er derfor sett i verk arbeid på fleire felt, arbeid som først vil bli gjort ferdig i åra framover. Eit døme er her skulebruksplanen, kor vi mellom anna må ta omsyn til venta tal på elevar i åra framover. Politikarane har nå lagt ut utkastet til skulebruksplanen til høyring, med eit innhald med langt færre endringar enn det som var administrasjonen sitt utkast.

Sjølv om det administrative og politiske arbeidet i Sunnfjord kommune i år har dreia seg mykje om etableringa av den nye kommunen, har det òg vore høg aktivitet på andre område. Forutan å syte for gode tenester, skular, eldreomsorg og andre kommunale kjerneoppgåver, har det blitt vedtatt svært mange plan- og reguleringssaker. Koronaepidemien har sjølvsagt òg prega kommunen sitt arbeid, kor vi heldigvis så langt har kome bra ut av det.

Sunnfjord kommune er ein svært allsidig, god og spennande kommune å bu og arbeide i. Vi har eit rikt utval av attraktive buplassar med utsikt til fjell eller sjø, som t.d. Skei, Bygstad, Naustdal, Sande, Vassenden og Viksdalen. Samtidig greier Førde å markere seg som ein viktig regionby mellom Bergen og Ålesund. Det går godt i desse lokalsamfunna, med mange store investeringar og satsingar framover. Dette gjeld ikkje minst i Førde kor svært store offentlege og private prosjekt vil løfte oss på nær sagt alle område, og med sterke positive bidrag til byutviklinga.

Næringslivet vårt går òg godt. Trass koronaepidemien har det gjennom heile året kome positiv meldingar om verksemder i god utvikling og nyetableringar. Ja, vi har til og med verksemder som vekker internasjonal interesse. For tida blir det arbeidd med fleire spennande og store prosjekt som vil bli gjort kjent i tida framover.

Nå er det snart jule- og nyttårsfeiring. I år vil koronaepidemien for mange føre til at feiringa blir annleis, og kanskje vil ein måtte bryte med gode og gamle juletradisjonar. Eg håper at alle likevel får ei fin avslutning på året, finn tid til å slappe av og samle krefter, og ha hyggeleg samvær med familie, venner og kjente.

Eg vil takke alle i Sunnfjord kommune for innsatsen i året som har gått, både dei som arbeider i kommunen og alle andre. Så vil eg særleg takke alle dei som har gjort ein stor innsats i arbeidet med koronaepidemien. Året som har gått har vore ei vanskeleg tid for mange, men nå går vi mot lysare tider og snart skal alt skal blir som før igjen. Det er all grunn til å møte neste år med optimisme og gode forventningar. God jul og godt nytt år til alle!

Les også

Ein stortingsbenk utan Ap og Høgre?

Les også

Høgre har valt Grotle på topp

Les også

No kan Østenstad stenge ned Sunnfjord kommune

Kommentarer til denne saken