Gå til sidens hovedinnhold

Sunnfjord kommune har fått 145.000 kroner til elsyklar for å bruke på jobb

Artikkelen er over 1 år gammel

Sunnfjord kommune vil skaffe seg 10 elektriske tenestesyklar for å redusere klimautslepp frå kommunen.

Sunnfjord kommune ønsker å kjøpe inn 10 elektriske tenestesyklar til bruk for tilsette i arbeidstida. Grunnen til dette er at dei vil redusere bruken av bil på korte avstandar, mellom rådhuset og kommunale verksemder i sentrum.

No har dei fått 145.000 kroner frå Vestland fylkeskommune til prosjektet.

Kommunen planlegg også å leige ut syklane til andre offentlege kontor som til dømes Høgskulen på Vestlandet, vidaregåande skular, fylkeskommunen og fylkesmannen.

Syklane vil dei stasjonere ved rådhuset, då det ligg sentralt til mellom aktuelle møteplassar, busshaldeplass og parkering.

I tillegg til midlane frå Fylkeskommunen må kommunen sjølv ut med 207.00 kroner til innkjøp av syklane og parkeringsstasjonar. Prosjektet har ein sum på 352.000 kroner i 2020. Det blir også vedlikehaldskostnadar på syklane dei neste åra, og prosjektet får derfor ein totalsum på 454.000 kroner inkludert vedlikehald fram til 2023.

Kommentarer til denne saken