Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
I økonomiplanen er det sett av pengar til ein ny 4-avd. barnehage på Slåtten. Dette er vi veldig glade for og det blir viktig sidan Tusenfryd barnehage, slik den er no, ikkje er godkjent. Ny 4-avd. barnehage på Slåtten vil gje barn, føresette og tilsette på Tusenfryd eit godt tilbod.
Vi er einige med administrasjonen i at vi treng ein diskusjon om struktur, men er usikre på om ny 6-avd. barnehage på Slåtten vil svare ut innsparingspotensial Sunnfjord kommune har skissert. Vidare lurer vi på om området ved Slåtten skule er rigga for 6 avdelingar; allereie i dag er der trafikale utfordringar med skule og SFO. Vi tenkjer at ein trafikal plan må på plass.
Vi synest planen seier lite om barna og deira behov. Administrasjonen ønskjer at framtidige barnehagar i Sunnfjord skal ha 6 avdelingar; 24 barn på 3-6-års avdeling og 12 på 1-3-års avdeling. Nokre barnehagar i Førde har som kjent testa ut dette tidlegare og gått tilbake til 18 og 9 barn og 3 vaksne.
Vi fryktar at eit slikt forslag vil føre til mindre tid til tidleg innsats som igjen vil gå ut over barn med ulike utfordringar. For å unngå at små hol veks seg store, må innsatsen settast inn tidleg. Det er viktig at barn som treng ekstra støtte får det allereie i barnehagen.
I Sunnfjord Høgre er vi også bekymra over at satsinga går på nybygging framfor større fokus på rehabilitering av eksisterande barnehagar både med tanke på nærmiljø og plassering, og det grøne skiftet.
Vi er usikre på om denne planen har fokus på barna sitt beste og kva konsekvensar dette forslaget vil få for barn, tilsette og føresette. Vil avdelingar med 24 og 12 barn vere gode tilhøve for læring og faktisk gje ein god oppvekst? Tilsette har berre to hender og tid til omsorg vert redusert.
Familiar flyttar til Sunnfjord mykje grunna gode oppvekstvilkår. Då må vi tilby det. Vi må framleis vere ein attraktiv kommune med attraktive og gode barnehagar.

Utdanningsforbundet åtvarar på det sterkaste mot storbarnehage i Førde

– Om det ikkje var for økonomi, hadde ein likevel valt ein storbarnehage?

Barnehageplan og kommunal arealdel -meir enn berre overskrifter

Denne barnehagen har seks avdelingar. – Ikkje spesielt stort, seier professor
