Viruset, som så langt har tatt livet av over 3.000 menneske, ser ut til å ha mutert til to variantar, der den eine ser ut til å vere langt meir aggressiv enn den andre, ifølgje ein studie frå forskarar ved Universitetet i Beijing og Institut Pasteur i Shanghai, skriv The Telegraph.

Den eine typen, kalla S-typen, ser ut til å gi ein mild sjukdom og er mindre smittsam, medan den andre typen, såkalla L-typen, spreier seg raskt og utgjer i dag 70 prosent av tilfella i verda, ifølgje forskarane.

Ein genetisk analyse av ein mann frå USA som testa positivt på koronaviruset 21. januar, viste òg at det var mogleg å vere smitta av begge typane, skriv avisa.

Studien er publisert få dagar etter at helseekspertar frå den britiske regjeringa åtvara om at viruset kunne treffe Storbritannia i «fleire bølgjer». Det er frykt for at ein vaksine ikkje vil hjelpe mot den muterte, aggressive varianten.

(©NPK)