Studentar som mistar jobben blir sikra studielån

Av
DEL

Regjeringa utvidar fristen for å søkje studielån slik at studentar som har mista inntektene sine, likevel kan sikre seg gjennom lån og stipend.

Ordninga vil redde studentar som har basert seg på inntekter frå jobbar dei har mista på grunn av permisjonar. Mange av desse studentane har ikkje søkt eller fått lån tidlegare.

Studentane kan no søkje om fullt lån, eller eit høgare beløp enn det dei først søkte om. Fristen er sett til 15. april.

Lånekassen jobbar med tekniske løysingar slik at det skal bli mogleg å søkje frå neste veke. Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim lovar å komme med fleire tiltak for å hjelpe studentane om kort tid.

(©NPK)

Artikkeltags