Studentane får studielånet for resten av semesteret i éi utbetaling

NYE TILTAK: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier at dei nye tiltaka vil gi studentar rask tilgang til pengar.

NYE TILTAK: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier at dei nye tiltaka vil gi studentar rask tilgang til pengar. Foto:

I tillegg kan dei søke om endå meir pengar med Lånekassa sine lukrative lånevilkår.

DEL

Regjeringa har sett i verk nye økonomiske tiltak for studentar i koronapandemien.

Studentane vil få utbetalt stipend og lån for resten av semesteret saman med utbetalinga for april. For dei fleste utgjer dette 27.550 kroner.

I tillegg får dei som har mista arbeidsinntekt på grunn av koronakrisa moglegheit til å ta opp eit ekstra lån på 26.000 kroner med Lånekassen sine vilkår, som mellom anna betyr ingen etableringsgebyr, rentefritt under utdanninga og moglegheita til å utsette betalinga 36 gongar (tre år) utan å oppgi grunn.

Dette gjeld også norske studentar i utlandet som kan dokumentere inntektsbortfall.

– Desse tiltaka vil gi studentane tilgang til ekstra pengar raskt, seier forskings – og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Frå før av er fristen for å søke om ordinært lån og stipend hos Lånekassen for våren 2020 utsett frå 15. mars til 15. april. Det inneber også at studentar som har søkt om mindre enn maksbeløpet kan redigere søknaden sin for å endre beløpet.

– I likskap med andre borgarar blir også studentar sin økonomi ramma av den lammande pandemien. Dei sit heldigvis igjen med studiestøtta, men for mange er ikkje det åleine nok til å dekke faste utgifter. Det forstår eg har skapt usikkerheit for mange. Derfor er eg glad vi har komme fram til ei god løysing for å hjelpe studentar som har mista viktig biinntekt, seier Asheim.

Artikkeltags