Ingeniørstudent med beste karakter i elleve fag

GODE KARAKTERAR: – Eg prøver å få så gode karakterar som mogleg, og eg gjer det beste eg kan, fortel Joakim Nyland.

GODE KARAKTERAR: – Eg prøver å få så gode karakterar som mogleg, og eg gjer det beste eg kan, fortel Joakim Nyland. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Joakim Nyland (21) er ferdigutdanna ingeniør til sommaren, og har til no fått karakteren A i elleve fag. Sidan jul har han også måtte kombinere studia med papparolla.

DEL

– Det har gått med mykje kaffi, og mykje hardt arbeid, fortel Nyland.

Han er 21 år gammal, og går på Subsea-ingeniørstudiet i Florø. Denne våren skriv han bacheloroppgåve, og er ferdig utdanna til sommaren. Til no er elleve av dei 15 karakterane han har fått A – dei fire siste er B.

– Eg prøver å få så gode karakterar som mogleg, og eg gjer det beste eg kan. Eg sit fleire timar med skulearbeid kvar dag.

Og så går Nyland alltid på førelesingane.

– Ein får jo så mykje gratis kunnskap ved å berre sitte og høyre på førelesaren. Gjennom heile studiet trur eg kanskje det er snakk om ei eller to førelesingar eg ikkje har vore på, då eg var sjuk.

Krevjande, men kjekt

Nyland synest undervassteknologi er krevjande, men kjekt å studere. Det er også ei variert linje som gir brei kompetanse.

– Mange trur linja berre er retta mot oljeindustrien, men det er veldig mykje forskjellig ein kan gjere. Vi har mellom anna fag som drift og vedlikehald, og sjølvsagt mange mattefag. Eg trur berre det er snakk om fire fag som skil meg frå å vere maskiningeniør når eg er ferdig.

Må kombinere studia med barn

I desember vart Nyland far, og han må no kombinere studia med papparolla.

– Til no har det gått veldig fint, og det trur eg det kjem til å gjere framover også. Eg gjer skulearbeid når sonen min, Julian, søv, og hjelper til når han er vaken.

Sidan han held på med å skrive bacheloroppgåve, kan han i stor grad bestemme sjølv korleis han vil bruke tida si.

– Eg kan jo sitte mykje heime og skrive. Eg har berre eitt fag utanom oppgåva, så eg slepp ein veldig intens eksamensperiode. Mot slutten av semesteret vert det nok uansett travlare, seier 21-åringen.

Vil studere vidare

Krevjande studium og ein travel kvardag skremmer ikkje den nybakte pappaen.

– Eg trur eg vil ta mastergrad innan kybernetikk på NTNU. Det er ein kombinasjon av automasjon, dynamikk og matematikk, eit litt robot-aktig studium. Det er nok attraktivt i mange bransjar grunna den digitale verda vi lever i no.

Men akkurat kva han vil jobbe innan, er ikkje Nyland sikker på enno.

– Det finn eg nok ut av etter kvart. Det er mange moglegheiter.

– Unngå skippertak

Den hardtarbeidande studenten rår andre til å jobbe jamt og strukturert gjennom heile semesteret om ein vil oppnå gode resultat.

– Mange prøver jo å ro seg i land i siste liten, men det funkar som oftast dårleg. Om ein jobbar jamt gjer ein det mykje betre. Så går det jo også an å droppe den eine festen, og heller fokusere på å gjere det bra på skulen, seier Nyland.

Han rår også til å møte opp på førelesingane.

– Det lønner seg garantert, konkluderer han.

– Og så er det sjølvsagt viktig å drikke masse kaffi.

Artikkeltags