Steinar (28) og studievenane vann internasjonal konkurranse som ingen i Norge har vunne før

SIGER: Steinar Slåtten med troféet frå konkurransen i økonomi ved Ivey Business School.

SIGER: Steinar Slåtten med troféet frå konkurransen i økonomi ved Ivey Business School. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

UTDANNING: Som første nordmenn nokosinne danka Steinar Slåtten og tre andre NHH-studentar ut toppstudentar frå Hongkong og USA og vann prestisjetung konkurranse i Canada.

DEL

– Det var veldig overraskande. Då vi kom i gruppe med lag frå universitetet i Hongkong og Northwestern University i USA vart vi litt demotiverte, seier Steinar Slåtten om sigeren i Canada i slutten av mars.

Det vart ingen grunn til å verte demotivert, skulle det vise seg. Sjølv om laget til Slåtten kom i gruppe med to svært anerkjende universitet, slo dei ut både USA-laget og Hongkong-laget, som vant året før. Så vann dei heile konkurransen.

– Det var veldig kjekt og ikkje forventa i dei heile, vi var nøgde berre med å komme til finalen, seier Slåtten.

Han studerer til å bli siviløkonom ved NHH i Bergen. I mars reiste han til Ivey Business school i Canada med tre andre studentar og éin professor som «coach», for å vere med i den 29. case-konkurransen til Scotiabank. NHH har vore med før, men eit lag frå Norge har aldri vunne.

Redda frå konkurs

I case-konkurransar i økonomi er det om å gjere å løyse eit bedriftsproblem best mogleg, på eit gitt tal timar.

I konkurransen i Canada skulle dei 14 laga kappast om å løyse problemet til ei finansteknologibedrift: Dei gjekk i underskot, sjølv om dei var i vekst.

NHH-LAGET: Fire studentar frå Handelshøgskulen i Bergen vann den internasjonale case-konkurransen i Canada. Frå venstre: Førdianaren Steinar Slåtten, Morten Nestevold Løvaas, professor Francisco Santos, Benjamin Bjorvatn Øien og Torbjørn Hope Solevåg.

NHH-LAGET: Fire studentar frå Handelshøgskulen i Bergen vann den internasjonale case-konkurransen i Canada. Frå venstre: Førdianaren Steinar Slåtten, Morten Nestevold Løvaas, professor Francisco Santos, Benjamin Bjorvatn Øien og Torbjørn Hope Solevåg. Foto:

Laget frå handelshøgskulen i Bergen imponerte dommarane.

– Vi hadde ei realistisk løysing som tok med i berekninga at vi måtte ha nokre kjappe tiltak, så ikkje bedrifta skulle gå konkurs, seier Slåtten.

Det var det ikkje så mange andre som hadde tenkt på. Laget fekk ros for ei heilskapleg og gjennomtenkt løysing, som tok med både kortsiktige og langsiktige strategiar.

– Ein vert audmjuk

Slåtten er medlem av NHHs Case-gruppe, ein studentorganisasjon som siktar på å vere med på mange case-konkurransar. Av 30 medlemmar var førdianaren éin av fire som vart valt ut til å representere NHH i den prestisjetunge konkurransen i Canada.

– Det er veldig kjekt, ein vert audmjuk av å få lov til å representere NHH i utlandet, og konkurrere mot så gode universitet, seier Slåtten.

Artikkeltags