Blodig mann funnen i Stryn

PÅ STADEN: Laurdag morgon var politiet på plass på staden der mannen vart funnen.

PÅ STADEN: Laurdag morgon var politiet på plass på staden der mannen vart funnen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: Ein mann i slutten av 30-åra vart funnen medvitslaus i Stryn. Politiet har vore i kontakt med personar som var saman med mannen.

DEL

– Politiet fekk klokka 08.15 melding frå AMK om at ein person hadde komme over ein person som var skadd og hadde ein del blod på seg. Personen er hardt skadd.

Det fortel operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt klokka 09.12 laurdag morgon. Ambulanse og politi var då framme på staden. Sistnemnde var i gang med undersøkingar på staden der mannen vart funnen.

Han var ikkje medviten då han blei funnen. Det er uvisst kor lenge mannen har lege på staden før han blei oppdaga av ein forbipasserande.

Like etter klokka 14.00 opplyser Helse Bergen at mannen er kritisk skadd. Han er lagt inn på Haukeland universitetssjukehus.

– Har truleg falle

Mannen vart funnen ved Tonningshaugen og låg nedanfor ein skrent då politiet fekk meldinga.

– Det er sannsynleg at han har falle. Hovudteorien vår er at han har falle utfor ein skrent og ein kant, seier Algrøy.

Like før klokka halv ti opplyste politiet at mannen vart frakta med luftambulanse til sjukehus.

Klokka 12.00 arbeidde politiet framleis på staden. Han vart funnen på ein asfaltert veg i tilknyting i eit bustadområde i Stryn.

Veit kven mannen er

– Vi jobbar med å finne ut kor mannen kom frå, og kor han har vore, før han hamna der han vart funnen. Det er ikkje så enkelt å finne ut av.

Den skadde er ein mann i slutten av 30-åra. Politiet meiner dei kjenner identiteten hans.

Politiet ber om tips i saka.

Har vore i kontakt med personar mannen var saman med

Politiet har vore i kontakt med personar som mannen var saman med fredags kveld og natt til laurdag.

– Det har ikkje kome fram noko særleg nytt som har gitt oss ny informasjon i saka, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon. 


 

Artikkeltags