Vidar Flo har fått meldingar i fleng: – Folk ber meg om å roe meg

VIDAR FLO: - Eg har fått meldingar i dag om å ta det roleg, flirer stryningen.

VIDAR FLO: - Eg har fått meldingar i dag om å ta det roleg, flirer stryningen. Foto:

STRYN: – Eg skjønte det ikkje heilt med ein gong, men så såg eg på nyheitssendingane.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Vidar Flo (49) vakna opp på hotellrommet i Riga til fleire tekstmeldingar i dag:

– Det var folk som bad meg om å roe meg. Eg skjønte det ikkje heilt med ein gong, men så såg eg på nyheitssendingane, flirer Vidar Flo.

– Eg skjønte i alle fall at det ikkje var noko som eg hadde gjort, seier han.

Ekstremvêret Vidar har nemleg teke grep om Vestlandet og det er varsla svært høg vasstand, noko som ikkje gjekk vennene til Flo hus forbi. 

Du kan følge ekstremvêret Vidar her.

– Det var mange som hadde kopla det namnet, ja, seier stryningen, som er på jobbtur i Latvia.

– Her er det ti minusgrader og fint vêr, så vi har det flott.

Les også: Stolt av at uvêret ber namnet hennar

Heime i Stryn er det derimot ganske vått, men ikkje så gale at det lagar trøbbel.

– Eg snakka med butikken heime i stad, der stod det bra til, få vi får håpe det held utover dagen, seier Flo, som jobbar på Jernia Johan Flo & Søn.

Artikkeltags