Ung sjåfør på veg til jobb hamna i trafikkulykke

ULYKKE: Ein ung sjåfør på veg til jobb hamna utfor vegen på rv 15 mellom Stryn og Hola, om lag 30 meter frå avkøyringa til Maurset. 

ULYKKE: Ein ung sjåfør på veg til jobb hamna utfor vegen på rv 15 mellom Stryn og Hola, om lag 30 meter frå avkøyringa til Maurset.  Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: 18-åring innlagt på sjukehus med lettare skader.

DEL

På riksveg 15 mellom Stryn og Hola har ein bil køyrt av vegen, om lag 30 meter frå avkøyringa til Maurset. 

Politiet melder på Twitter at føraren har komme seg ut av bilen. Naudetatane er på veg. Det melder politiet klokka 07.18 fredag.

Sjåføren var ein ung mann som var på veg til jobb. Politiet melder om glatte vegar. 

– Det er personskade, men vi veit ikkje alvorsgrada. Mannen har nokre synlege skader, men alvorsgrada veit vi først når ambulansepersonellet kjem fram, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt. 

Brannmannskapet har komme fram til staden og melder at bilen ligg utfor vegbana på sida.

Politiet fekk melding om ulykka 06.50 fredag morgon.

Klokka 17.30 melder Helse Førde AMK at den 18 år gamle mannen er innlagt ved Førde sentralsjukehus med lettare skader.

Artikkeltags