1300 deltakarar har meldt seg på Skåla Opp

POPULÆRT: Så langt har 1300 personar meldt seg på til Skåla Opp 2017.

POPULÆRT: Så langt har 1300 personar meldt seg på til Skåla Opp 2017. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN: – Deltakarrekorden kan stå for fall i år, seier Erik Brendefur.

DEL

Allereie to veker før motbakkeløpet Skåla Opp går av stabelen, har 1300 deltakarar meldt seg på løpet.

– Dette kan bli året for ny rekord, skriv leiar for La Sportiva Skåla Opp og dagleg leiar for Loen Active, Erik Brendefur, i ei pressemelding.

Deltakarrekorden som ligg på 1935 fullførande utøvarar kan no bli slått, trur han. Men dette kan òg gjelde løyperekorden.

Kjende løparar

Motbakkeløpet blir arrangert i Loen i Stryn kommune laurdag 19. august, men allereie no har mange kjende nasjonale og internasjonale motbakkepersonlegdommar meldt seg på.

Blant anna skal fjorårsvinnarane Annie Bersagel frå USA og verdsmeister Stian Angermund-Vik ta turen. Jølstring og europameister Eli Anne Dvergsdal er òg påmeldt, samt førdianaren Karoline Holsen Kyte, som blir skildra som «den nye norske kometen».

– Fleire av desse hevdar seg heilt i verdstoppen i motbakkeløp, og løyperekordar kan stå for fall, meiner Brendefur.

Dersom rekorden blir slått, vankar det ein pengepremie på 120.000 kroner til løparen.

Folkefest

Allereie 1. november, då påmeldinga til løpet opna, viste det seg at Skåla Opp kom til å ha stor pågang. Berre to timar etter at påmeldinga hadde opna, var 700 av dei då 800 plassane som hadde blitt lagt ut, tatt.

Les meir: Stor pågang til Skåla Opp

Sjølv om løpet skal gå føre seg på laurdagen, er det lagt opp arrangement også for resten av helga. Blant anna kan ein høyre historisk kåseri om Skåla eller vere med på grillfest. Det blir også arrangert Mini Skåla Opp for dei yngre, samt at det er mogleg å vere med i mosjonsklassen.

TURSITMAGNET: Skålatårnet (på biletet) og den nye hytta Skålabu har så langt i år lokka fleire turgåarar opp Skåla.

TURSITMAGNET: Skålatårnet (på biletet) og den nye hytta Skålabu har så langt i år lokka fleire turgåarar opp Skåla. Foto:

Ny hytte drar turistar

I pressemeldinga kjem det også fram at Skåla-fjellet og hyttene på toppen har vore godt besøkte denne sommaren. Det gjeld både Skålatårnet og den nye turisthytta til Bergen og Hordaland turlag, Skålabu.

Skålabu, som blei opna 2. juli i år, har 20 sengeplassar og erstattar Skålatårnet som hovudhytte på fjellet.

NY HYTTE: Skålabu blei opna 2. juli i år.

NY HYTTE: Skålabu blei opna 2. juli i år. Foto:

Artikkeltags