Køyrde sju kilometer med snittfart over 170 km/t – med politiet på hjul

Artikkelen er over 2 år gammel

DOM: Han greidde å køyre frå politiet, men vart avslørt grunna mobildatabruk, og fylling på ein bensinstasjon. No ventar fengselsstraff.

DEL

Det var etter Oktoberfesten i Stryn i fjor at ein politipatrulje hadde ein fartskontroll, og oppdaga ein motorsyklist som passerte dei i svært høg fart, samstundes om han køyrde forbi ein bil.

Patruljen hadde ein sivil bil utstyrt som utrykkingskøyretøy, og bestemde seg å følgje etter, samstundes som dei gav beskjed om å sette opp ein stopp-post eit stykke unna, i håp om at motorsyklisten ville passere denne.

Køyrde over 180 km/t

Då dei nådde att motorsyklisten, heldt han høg fart, men under grensa for førarkortbeslag (under om lag 117 km/t). Farten auka derimot veldig ved starten av Kvivstunnelen, og den eine av politibetjentane registrerte på Triptrack-utstyret i bilen at farten var over 180 km/t på patruljen sitt køyretøy.

Motorsyklisten drog likevel ifrå, og heldt høgre fart enn dette. Patruljen greidde derimot å halde visuell kontakt med han gjennom det meste av tunnelen.

Siste delen av tunnelen miste dei motorsyklisten, men såg han att i eit vegkryss der han heldt fram nordover på fv. 60.

Patruljen registrerte at motorsyklisten snudde seg mot dei, før han sette opp farten så mykje at dei ikkje fekk kontakt med han att. Det vart også stoppa møtande køyretøy som rapporterte at dei hadde sett motorsyklisten, men politipatruljen greidde ved avslutta oppdrag ikkje å ha fått avklara kven motorsyklisten var.

Avslørt av mobildata og bankkort

To veker etter hendinga fekk politiet kontakt med den tiltalte, etter å ha etterforska ut ifrå tips. Mannen, som er i byrjinga av 30-åra, nekta då for å ha køyrt motorsykkel på denne strekninga den aktuelle dagen, men hadde ikkje noko forklaring på kva han gjorde.

Trafikkdata på tiltalte sin mobil, saman med stader der han brukte kortet og fylte bensin, var med å peike den mistenkte ut som motorsyklisten.

Må i fengsel

Retten er av bevismengda overtydd om at det var tiltalte som køyrde motorsykkelen.

Han vart funnen skuldig i å ha køyrt med ein snittfart på minst 170 km/t på ein godt og vel sju km lang tunnelstrekning, der høgste tillatne fart var 80 km/t.

Retten fann ingen formildande omstende, og påpeika særleg at hastigheita var avgjerande for straffa. Det vart også vektlagt skjerpande at motorsyklisten også køyrde forbi fleire bilar i høg fart i tunnelen.

Dommen blir sett til fengsel i 30 dagar, samstundes som mannen misser førarkortet i 30 månader.

Artikkeltags