Gå til sidens hovedinnhold

Strevar i bakevja utan breiband – snart skal det på plass i heile kommunen

– Det er svært problematisk. No har både eg og kona heimekontor, men om begge skal ha videomøte, må ein av oss reise på kontoret, seier Kristen Holt.

For abonnentar

For familien i Hellevik i Fjaler er det framleis gamle koparlinjer som gjeld. Det held ikkje i 2021.

– I våre dagar treng vi godt internett, spesielt no når studium, skule og arbeid skal føregå i heimen. Vi brukar nettet, men det blir vanskelegare og vanskelegare.

Hakkete videomøte

For fire år sidan ville Telenor leggje ned koparlinja til Hellevik utan at alternative løysingar var på plass. Det skjedde ikkje, men i dag er behovet for fibernett større enn nokon gong.

– Vi er to, og det vert vanskeleg med ei linje på 5–10 mbps. Når den yngre garde også er på, dett det heilt ihop, fortel Holt, som dessutan opplever at stabiliteten har blitt dårlegare med tida.

Han og kona har så å seie daglege videomøte, men når dei inntreffer samstundes, lyt ein av dei reise på kontoret. Og det skal ein som kjent helst unngå i desse dagar.

– Vi må planlegge, for det går ikkje med to, og stundom går det ikkje med éin heller. Det hender eg må avbryte videomøte fordi lyden og biletet berre hakkar.

Viktig for framtidsbygda

Holt fortel at han vert oppringd av Telenor med jamne mellomrom. Dei vil selje Trådløst Bredbånd, ei løysing som vart lansert for eit år sidan og inneber «breiband» over 4G-nettet.

– Dei omtalar det som «trådlaus fiber», men når dei ikkje kan levere meir enn 10 mbps., ser eg ikkje det som eit haldbart alternativ.

Denne løysinga har ein datakvote på to MB i månaden før hastigheita vert halvert til 5 mbps.

– Eg vil ha same mogelegheiter som andre som har fiber, med høg hastigheit og utan avgrensa kapasitet, seier Holt, og legg til:

– Skal bygdene vere opne for neste generasjon, då må vi ha den digitale motorvegen på plass. Elles vert det ein ny spikar i kista for landsbygda. No må vi berre setje vår lit til kommunen, og det hadde vore spennande å vite om det er noko framdrift.

Ønskjer fiber til alle

– Det er det, seier ordførar Kjetil Felde, og fortel at det er konkrete planar på gang for å sikre heile Fjaler breiband i nær framtid.

Det får dei til med midlar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) og i samarbeid med fylkeskommunen.

– Vi ønskjer fiber til alle, men anboda er teknologiuavhengige, så det kan tenkjast at einskilde plassar får 4G eller 5G i staden, men då forhåpentleg 5G. Løpet er lagt, og anbodsprosessane går sin gang, seier ordføraren, som viser til rådmannen når det gjeld detaljane.

Midlane vart tildelte etter søknadsprosessar i 2019, 2020 og 2021, der kommunane har definert områda, medan fylkeskommunen lyser ut felles anbod på utbyggingsprosjekta.

– Prosessane stogga litt opp med fylkessamanslåinga, men er no i full gang att, seier rådmann Bente Nesse, og legg til at prosjekta er fordelte på tre puljer.

Skjer i tre omgangar

2019-anbodet skal tildelast i desse dagar. Så kjem ein salsfase utover våren, før byggjestart ventar rett over sommarferien. Dette omfattar Tysse, Elde og Gjølanger i Flekkefjorden, Yndestad, Kalstad, Svartefoss og Hovlandsdalen i Guddal, strekka frå Nautsund til Espedal, og Vassdalen.

2020-anbodet vert lyst ut no, og omfattar Hellevik, Straumsnes, Lammetun og Korssund, i tillegg til resten av Dale, altså Jarstad, Stav, Bortheim og Gota.

For 2021-anbodet førebur kommunen søknad til fylkeskommunen. Her vert det søkt for Flekke, Rennestraum, Haugland og Guddal frå Gallefoss til kommunegrensene.

– Då kjem vi i mål, seier rådmann Nesse, som ikkje kan konkretisere framdriftsplanen for dei siste puljene enno.

– Men vi kan vente tilsvarande framdrift som for 2019-anbodet?

– Eg håpar ikkje det skal gå så lang tid med dei to siste puljene som det gjorde med den første, seier Nesse.

Les også

Fylket er på botnen i breibanddekning: – Vi er den største taparen

Les også

Fjaler kommune einige om at alle skal få fiber

Les også

Hellevik med klar melding til kommunen: – Finn pengane til fiber!

Les også

– Det blir som å reise tilbake til steinalderen

Les også

Telenor kan ikkje love fiber, no kjem kommunen på bana

Kommentarer til denne saken