– I 2022 vil vi bruke om lag 44 milliardar kroner på målretta tiltak for å bidra til å dekkje dei høge straumkostnadene, sa Aasland i forklaringa si til Stortinget måndag.

Av dette går om lag 41 milliardar kroner til hushalda, medan det er avsett 3 milliardar kroner til straumstøtte til bedrifter.

På kort sikt vil regjeringa prioritere å halde fram arbeidet med å skjerme og avlaste folk, organisasjonar og næringsliv for galopperande straumprisar.

Men ifølgje Aasland er det berre tre tiltak som verkeleg vil monne for å føre Noreg ut av straumkrisa: Meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energi.

– Dette er tiltak som førebur grunnen for ei grøn reindustrialisering av Noreg og er førande for energipolitikken til regjeringa, konstaterer han.

(©NPK)