Etter det Firda kjenner til gjeld dette sentrumsområda og Angedalen.

Klokka 12.54 skriv BKK på sine sider at dei for tida er feil i Førde sentrum, og at dei jobbar med å få kopla inn alle kundar så snart som råd.

Minst 1329 straumkundar er råka av straumstansen. Klokka 13.00 fekk Vie og Toene straumen attende.

– Vi kjenner ikkje til kva som står bak straumbruddet, men jobbar på spreng for å få det oppe å gå igjen, seier Pressevakt i BKK, Jørgen Steffensen.

Etter det Firda forstår skal alle ha fått tilbake straumen klokka 13.00.