Gå til sidens hovedinnhold

Straumstans fleire stader i Sunnfjord – fleire hundre utan straum

BKK melder seint torsdag kveld om to straumbrot i Sunnfjord, etter feil på straumnettet.

Det eine er i området Hestad aust for Sande. I alt 579 husstandar der er utan straum klokka 21.00.

Klokka 21.50 er talet justert til 366. Montør er på veg for feilsøking av nettet, opplyser BKK.

Det andre er området aust for Ullaland nord for Naustdal sentrum. Der er 191 husstandar utan straum. Det går no føre seg feilsøking i området mellom Ullaland og Nes.

BKK seier til Firda at dei reknar med å få utbetra feila i løpet av natta.

Les også

494 utan straum: – Jobbar med å finne feila

Kommentarer til denne saken